Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Raftingtur til Sjoa for 2. årslærlingane

5. juni kl 09:00 - 6. juni kl 15:00

- Gratis

VELKOMEN TIL AVSLUTNINGSTUR FOR 2. ÅRSLÆRLINGANE

Torsdag 5. – fredag 6. juni (vi køyrer samla i privatbilar frå Stryn kl 09.00 torsdag)

Læretida går mot slutten og 5.-6. juni er vi klar for avslutningstur! Vi set kursen mot Sjoa og planlegg rafting, grilling og kjekke aktivitetar 🙂 Raftinga er ein fantastisk kjekk aktivitet, og alle kan rafte uansett om du har prøvd rafting før eller ikkje. Det er profesjonelle guidar med mykje erfaring. Turen blir tilpassa gruppa – og dette er i tillegg ein stor naturopplevelse.

Sjå pakkeliste og praktisk info under bildet/påmeldingsskjemaet.

Det blir grillbuffet, aktivitetar, bålkos og overnatting inne og evt i lavvohytte før vi et frukost saman og set kursen mot Nordfjord igjen.

Vi gler oss til ei superkjekk avslutning på læretida!

Samlinga er ikkje obligatorisk, så hugs å avtale med arbeidsgjevar i god tid om du vil vere med.

NB! Påmeldingsfrist er utløpt.

PAKKELISTE 

  • Det blir overnatting inne fleirmannsrom. Der er dyne og pute, men vi må ha med sengetøy. Dersom du tek med sovepose må du ha laken og putetrekk i tillegg.
  • Sengesett: Dynetrekk, putetrekk og laken. 
  • Badetøy* 
  • Ullundertøy* 
  • Ullsokkar* 
  • 2 badehandkle* 
  • Tørt skift (alt du har brukt på turen er gjennomvått etterpå) 
  • Varme og gode klede til å vere ute i
  • Vindtett jakke 
  • Hue 
  • Casual klede 
  • Lette klede til type volleyball i fint vær
  • Joggesko
  • Innesko/slippers
  • Shorts/t-skjorte – vi håpar på sol 🙂 
  • Solbriller 
  • Solkrem 
  • Drikkeflaske 
  • Snacks og brus til eige bruk. (Det er kiosk på området) 

*til bruk under våtdrakta
Info fra Go Rafting Sjoa: Av oss får du låne redningsvest, hjelm, våtdrakt og neoprensko. Ta gjerne med egen tynn ullgenser/fleece/superundertrøye, (NB: ikke bomull!) og gjerne superunderbukse / stillongs eller minimum shorts/bikini til å ha under våtdrakta. Husk å ta med tørt skift, alt du har brukt på turen er gjennomvått etterpå! Etter turen er håndkle kjekt å ha. 

Om du manglar noko, kan mykje lånast hjå BUA som er lokalisert fleire stader i Nordfjord https://www.bua.io/lane-utstyr
Om du ikkje får tak i utstyr sjølv, ta kontakt med Hilde-Kristin i Nordfjordkompaniet så skal vi hjelpe.  

OPPMØTE 

Vi har felles avreise i privatbilar frå rutebilstasjonen i Stryn. Felles oppmøte i Stryn kl 08.45 på Stryn rutebilstasjon. Dette gjeld for alle. Det blir felles avreise i privatbilar kl 09.00. 

PROGRAM  

Torsdag 5. juni 

08.00 Avreise frå Nordfjordeid (Rutebilstasjonen) 

08:45 Alle møter i Stryn (Rutebilstasjonen). Oppmøteregistrering.   

09.00 Avreise frå Stryn (Rutebilstasjonen) mot Strynefjellet 

11.00 Inntil 30 min pause på Lom (vi spanderer kanelsnurr på Bakeriet i Lom) 

12.30 Ankomst og innlosjering på fleirmannsrom. Alle fyller ut egenerklæringsskjema før lunsj. 

13.00 Lunsj 

14.00 Rafting dagstur 

19.00 Grillmiddag 

Aktivitetar og bålpannekos utover kvelden 

Fredag 6. juni 

09.00 Frokost 

10.30 Utsjekk og avreise 

 

PRAKTISK INFO 

  • Alle som skal delta på rafting må før aktivitetsstart signere på en standard ansvarserklæring. Sjå skjema her. Print ut skjema på førehand, signer og send i retur til hei@nordfjordkompaniet.no
  • Det er skjenkebevilling i leiren og mulighet for å kjøpe øl/vin, og medbrakt alkohol er ikkje tillatt på denne turen. 
  • Det skal være ro på soveområdet i tidsrommet 23.00 – 07.00. 
  • Om du har meldt inn at du er usikker på om du vil rafte, håpar vi likevel du vil vente til du kjem fram og får info info frå instruktørane før du endeleg bestemmer deg. Det er mulig å ombestemme seg og bli med likevel. 
  • Nordfjordkompaniet er ansvarleg for turen, og vi forventar oppførsel deretter. 
  • Oppmøte presis til felles aktivitetar, måltid og transport. 
  • Ta ansvar for å inkludere alle, og sørge for at alle skal ha det kjekt på tur. 

 

TRANSPORT 

  • Vi køyrer privatbilar. Ta kontakt om du treng skyss og ikkje har fått tildelt bil. Felles oppmøte kl 08:45 på Stryn rutebilstasjon. Avreise frå Stryn for alle kl 9. 
  • Køyrebeskrivelse fra Lom/Skjåk/Stryn: «Kjør Rv 15 til du har igjen ca 6 km til Vågåmo. Sving der til høyre på Fv 51 mot Fagernes, og kjør 20 km til Randsverk. På tettstedet Randsverk svinger du til venstre inn på Fv 257. Derfra er det 24 km ned til oss, vi ligger på venstre side av veien». 
  • Adresse: Go Rafting Sjoa AS, Heidalsvegen 829, 2677 Nedre Heidal 

 

 

Detaljar

Start:
5. juni kl 09:00
Slutt:
6. juni kl 15:00
Billettpris:
Gratis
Kategori:

Stad

Go Rafting Sjoa AS
Heidalsvegen 829
Nedre Heidal, 2766 Norway
+ Google-kart

Arrangør

Nordfjordkompaniet
Phone
94057325
E-post
hei@nordfjordkompaniet.no
View Arrangør Website

Detaljar

Start:
5. juni kl 09:00
Slutt:
6. juni kl 15:00
Billettpris:
Gratis
Kategori:

Stad

Go Rafting Sjoa AS
Heidalsvegen 829
Nedre Heidal, 2766 Norway
+ Google-kart

Arrangør

Nordfjordkompaniet
Phone
94057325
E-post
hei@nordfjordkompaniet.no
View Arrangør Website