JAKTA PÅ SUPERKREFTENE

Ferieklubb

Vi i Nordfjordkompaniet er på stadig jakt etter dei unike superkreftene hjå borna. Ferieklubben «Jakta på Superkreftene» er ein stad der borna får utforske og oppdage sine individuelle talent og interesser. Målet er klart; å inspirere dei til å følgje sine lidenskapar heilt til vaksen alder og yrkesliv.

Det er ein kjent sanning at det ikkje alltid er enkelt å finne sin eigen superkraft. Mange barn er usikre på kva dei vil bli, kva dei likar, og kva dei er flinke til. Nettopp difor legg ferieklubben stor vekt på å tilby ein stad der leik og læring går hand i hand. Gjennom ulike aktivitetar får borna moglegheit til å utforske eit breitt spekter av tema og yrker. Frå matlaging til snekring, klimabevaring til robotikk, kjemi til koding – det er ein heil verden av moglegheiter å oppdage.

Om du er ein Nordfjording som vil utforske dine superkrefter denne sommaren, er dette ein klubb for deg. Bli med oss på ein spennande reise der du kan oppdage dei skjulte talenta dine, knytte nye venskap, og ta med deg erfaringane vidare i livet. Utforsk, lær og veks med «Jakta på Superkreftene» ferieklubb!

2. – 4. KLASSE

FOR DEI MINDRE

I Nordfjord er det ein stadig jakt etter dei unike superkreftene hjå borna. Ferieklubben «Jakta på Superkreftene» er ein stad der borna får utforske og oppdage sine individuelle talent og interesser. Målet er klart: å inspirere dei til å følgje sine lidenskapar heilt til vaksen alder og yrkesliv.

Ferieklubben vil gjennom sine aktivitetar ta utgangspunkt i leikbasert læring, og vi skal ha mange kjekke aktivitetar heile veka! Timeplanen er ikkje ferdig-snikra per i dag, men som inspirasjon kan det bli til dømes slik:

Måndag
Vi er kokkar og lagar mat!

Tysdag
Kva gjer ein snekkar? Vi byggjer!

Onsdag

Vi er Klima-ninjaer! Kva er klimaendring og korleis kan vi beskytte miljøet og framtida?

Torsdag

Vi leikar med robotar og lærer koding!

Fredag

Kva er kjemi? Vi lagar smell, bobler og slim! 

Avslutningsseremoni:

Vi avsluttar veka med utdeling av diplom og medalje. Is og brus til alle! 

Ein melder seg på for ei heil veke om gangen.

Dato og stad:

  • Bremanger kommune:
    • Veke 26: Svelgen Oppvekst
    • Veke 32: Hauge Oppvekst
  • Gloppen kommune:
    • Veke 27 og Veke 31 Sandane Barneskule
  • Stryn kommune:
    • Veke 28 Tonning Barneskule
  • Stad kommune:
    • Veke 30 Nordfjordeid Barneskule

Tid: kl 0900 -1500

Deltakerar er sjølv ansvarlege for å komme seg til og frå ferieklubben. Om foreldre vil ordne samkjøring kan vi dele deltakerliste nær oppstartsdato.

8. – 10. KLASSE

FOR UNGDOMEN

Vi ønskjer å gi eit tilbod til ungdom som kan tenke seg å lære noko nytt eller møtes for ein sosial kveld i sommar. Vi tenkjer her dei som er litt for «store» til å delta på ferieklubben men som vi no har ein gyllen sjanse til å skape interesse for læring i ein sosial arena. 

Vi skal blant anna introdusere borna til koding, design og 3D-printing!

Første kvelden vert det leik med Edison-robotar der deltakarar får introduksjon til koding og korleis ein kan får ein robot til å følgje instruksar. Seinare vil deltakarar lage eit design i TinkerCad på iPad som ein skal prøve å printe ut i 3D og kan ta med heim som «skryte»-bevis! Vi legg samtidig fokus på at dette skal være sosialt og tilbyr litt god snacks og drikke.

Ein melder seg på for alle 3 dagane ( tirsdag, onsdag og torsdag)  i kvar veke:

Tid: kl 19.00 – 21.00

Dato og stad:

  • Bremanger kommune:
    • Veke 26: Svelgen Oppvekst
    • Veke 32: Hauge Oppvekst
  • Gloppen kommune:
    • Veke 27 og Veke 31 Firda VGS (gamlebygget)
  • Stryn kommune:
    • Veke 28 Stryn Vidaregåande Skule
  • Stad kommune:
    • Veke 30 Nordfjordeid Barneskule

Tid: kl 0900 -1500

Deltakerar er sjølv ansvarlege for å komme seg til og frå ferieklubben. Om foreldre vil ordne samkjøring kan vi dele deltakerliste nær oppstartsdato.