SOMMARJOBB I NORDFJORD

For arbeidsgivarar

Vi hjelp deg med å kome i kontakt med relevant arbeidskraft i Nordfjord.

Om du vil at vi skal ta med di sommarjobbutlysning må du legge til #Sommarjobb #SommarjobbNordfjord på slutten av stillingsutlysninga di på arbeidsplassen.nav.no. Du kan sjå alle kandidatane som har meldt interesse for sommarjobb i Nordfjord i eit Excel-ark på vår sharepoint. Om du finn nokon spennande kandidatar, kan du sende oss ein epost med kandidatnummeret og vi vil vidareformidle interessen.

Korleis føre opp ledig sommarjobb

Det er superenkelt.  Berre legg ut sommarjobben på arbeidsplassen.nav.no med eit par hashtags.

Alt du treng å gjere er følgande:

  1. Legg ut sommarjobben på arbeidsplassen.nav.no
  2. Heilt nederst i stillingsteksten legg du til #Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
    Då vil sommarjobb.no plukke opp din sommarjobb og ta den med i kampanjen
  3. Etter eit par timar vil sommarjobben du har lagt ut dukke opp her:
    Ledige sommarjobbar