Lastar Hendingar

« All Events

FOLKA 2026

9. september kl 09:00 - 16:00

FOLKA 2026: Eit arbeidsliv i endring

Framtidas arbeidsliv krev at vi tenkjer nytt. Bli med på årets happening for deg som jobbar med rekruttering i Vestland.

Teknologien utviklar seg raskare enn nokon gong, kompetansebehova endrar seg og konkurransen om arbeidskrafta blir tøffare. For verksemder i Vestland handlar det ikkje lenger berre om å fylle ledige stillingar – det handlar om å sikre rett kompetanse for framtida.

Korleis skal vi rekruttere i åra som kjem? Kva kompetanse treng vi eigentleg? Korleis kan vi tiltrekke, utvikle og behalde folk i distrikta? Dette er nokre av spørsmåla vi utforskar på årets FOLKA 9. september på Skei.

Stad: Grand Hotel Skei
Tid: Onsdag 9. september 09:00 – 16:00

Prisar for medlem/ikkje medlem:

Konferansebillett ordinær: 3.999 NOK inkl. mva
Konferansebillett medlem: 2.499 NOK inkl. mva

Er bedrifta di medlem hos ein av arrangørane, kjøper du medlemsbillett.

Konferansen vert arrangert av Framtidsfylket Vestland, NHO Vestland, Nordfjordkompaniet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling.

Påmelding

 

Detaljar

Arrangørar

  • Nordfjordkompaniet
  • Framtidsfylket AS

Stad

  • Grand Hotel Skei
  • Jølstravegen 3225
    Skei, Vestland 6843 Norway
    + Google-kart

Detaljar

Arrangørar

  • Nordfjordkompaniet
  • Framtidsfylket AS

Stad

  • Grand Hotel Skei
  • Jølstravegen 3225
    Skei, Vestland 6843 Norway
    + Google-kart

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no