Om Nordfjordkompaniet

Nordfjordkompaniet er ein paraplyorganisasjon som jobbar for å gjere Nordfjord suprare ved å følgje ungdomane våre frå barnehage til tidleg jobbkarriere. Vi samarbeider tett med private bedrifter, kommunar, skuleverket, organisasjonar, fylkeskommune, stat og ikkje minst foreldra, for å skape ein heilskapleg støtte gjennom ungdomane si utvikling. Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Superlærling

Når ungdomane kjem inn i vidaregåande skule, tilbyr vi Superlærling-programmet. Her får dei moglegheita til å utforske ulike yrkesvegar gjennom lærlingplassar i lokale bedrifter. Vi støttar dei med CV-skriving, søknadar, intervju og gir dei tilgang til eit nettverk av tidlegare lærlingar som kan dele sine erfaringar. Vi samarbeider med bedrifter for å sikre at lærlingane får den beste opplæringa og erfaringa.

Jobb i Nordfjord

Vi hjelp deg som er jobbsøkjar med å finne ein jobb i Nordfjord.  Vi tek oss ein prat og finn ut kva bedrifter og jobbar som kan vere aktuelle for deg og sender deg tips til kven du kan kontakte for å lade jobben.  Om det ikkje går på første forsøk held vi kontakta heilt til du finn jobben som passar for akkurat deg! Det kan godt vere at stillinga som du leitar etter ikkje er utlyst akkurat no men då kan vi hjelpe deg med å kome i kontakt med den bedrifta som treng akkurat den kompetansen som du sitt på.  Meld deg inn i Heia Nordfjord-nettverket som jobbsøkjar so skal vi hjelpe deg med ein gong!

Heia Nordfjord

Heia Nordfjord er vårt nettverk for elevar, studentar, folk i arbeid, folk på leit etter arbeid, lærlingar, Nordfjordingar, foreldre, heimflyttarar, utflyttarar, tilflyttarar, innflyttarar, grundarar – og alle andre med interesse eller som er nysgjerrige på Nordfjord.

Her kan folk møte, dele erfaringar, utforske moglegheiter og bli kjent med regionen. Vi arrangerer ulike aktivitetar som hjelper med å viske ut gapet mellom ungdom og yrkesliv, og vi fremjar dei mange positive initiativa som skjer i regionen.

Vi jobbar både med dei som allereie er nordfjordingar og dei som ønskjer å bli ein del av vårt fellesskap. Saman gjer vi Nordfjord suprare, og vi arbeider mot målet om å gjere rekruttering til eit luksusproblem i regionen vår.

Jakta på Superkreftene

Vi startar med å hjelpe dei yngste innbyggjarane våre gjennom konseptet Jakta på Superkreftene. Dette programmet hjelper barn og ungdom frå barnehagealder til 16 år med å utforske sine interesser og talent. Ved å bruke mottoet «love what you do and do what you love» hjelper vi dei å finne sine unike superkrefter, slik at dei kan ta informerte val om framtida si. Vi tilbyr aktivitetsprogram, sommarskular og samarbeider tett med skular og foreldre for å støtte dei i denne viktige fasen.

Superfritid

Vi ønskjer også å sikre at alle innbyggjarane våre trivst og har tilgang til spennande fritidsaktivitetar gjennom Superfritid. Her arrangerer vi sosiale samlingar, kurs og aktivitetar for alle aldersgrupper, inkludert tilflyttarkontaktar, lærlingarrangement og ungdomssamlingar. Vi samarbeider med Visit Nordfjord og «Alt i ein fjord»-initiativet for å tilby eit breitt spekter av aktivitetar som fremjar fellesskap og trivsel.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no