Barnehageklubben

Barnehagen er den første arenaen der barn møter fellesskapet utanfor heimen – og som kjent tek det ein heil landsby for å oppdra eit barn. Difor er barnehagetida ein perfekt stad å starte samskaping i Jakta på Superkreftene.

No ønskjer vi å køyre ein prototype i Nordfjord på eit opplegg der vi knyter «landsbyen» rundt barnehagen tettare til kvardagen til barnehagebarna – og din barnehage er invitert til å bli med heilt gratis! Gjennom konsept som Uglefest (besøk i barnehagen), Detektiv (besøk utanfor barnehagen) og ulike edutainment-tilbod (education + entertainment) som bøker, show og musikk, kan vi vekkje ekstra nysgjerrigheit, gje meir læring og gi barna verdifulle erfaringar med samskaping med menneske utanfor barnehagen. For å få dette til å fungere best mogleg for heile Nordfjord, treng vi ei samla plattform der barnehagane enkelt kan delta, og der vi kan halde kontakten gjennom ein felles klubb. Hugs at dette er ein prototype der vi saman skal prøve oss fram til konsept som kanskje kan bli standardiserte over heile landet – og utover i Europa.

"*" indicates required fields

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Barnehage

Type barnehage

Kontaktinformasjon

Adresse

Kontaktperson

Informasjon om barnehagen

Om medlemskapet

Ved innmelding i Barnehageklubben i Nordfjord vert barnehagen registrert som medlem. Nordfjordkompaniet (ideell foreining) står bak klubben.

Vi nyttar kontaktinformasjonen de har lagt inn til å sende ut nyhendebrev, e-postar og relevant materiell. De kan når som helst oppdatere eller trekke tilbake kontaktinformasjonen ved å ta kontakt med oss. Alle opplysningar vert behandla i tråd med personvernregelverket.

Barnehageklubben ønskjer å samle alle barnehagane i Nordfjord i eit fellesskap som vi i Nordfjordkompaniet kan kommunisere med – anten samla for Nordfjord, på kommunenivå eller opp mot kvar einskild barnehage. Oppdatert kontaktinformasjon er difor viktig. I klubben får tilsette informasjon om kva moglegheiter som ligg i Jakta på Superkreftene, og tilgang til ressursar og opplegg de kan bruke direkte i barnehagen. Klubben skal gjere det enkelt å delta i aktivitetar som Uglefest og Detektiv, ta i bruk edutainment som bøker og musikk, og halde seg oppdatert på nye tilbod og prototypar vi ønskjer å prøve ut.

Gjennom det enkle innmeldingsskjemaet på denne sida kan de som barnehage registrere dykk, oppdatere kontaktinformasjon og melde interesse for å få tilsendt bøker, vere med på opplegg eller delta i samskaping. Kanskje vil de ha besøk av ugla Super i barnehagen? Eller at vi organiserer og betaler ein busstur ut i yrkeslivet? Moglegheitene er mange! De har kunnskapen om å drive barnehage – vi vil berre legge til rette for at «landsbyen» kan engasjere seg endå meir i oppveksten til barna.

Barnehageklubben er bindeleddet mellom barnehagane og Nordfjordkompaniet. Med ein liten organisasjon i Nordfjordkompaniet er det viktig å effektivisere kommunikasjonslinene, og denne klubben gjer det mogleg for oss å halde tett og jamnleg kontakt med dei som ønskjer å delta frivillig. Resultatet håpar vi blir at fleire barn får tidleg tilgang til samskapande aktivitetar, fleire tilsette får støtte og ressursar, foreldra kjem sterkare på bana, vi får aktivert yrkeslivet til tidleg innsats – og at vi saman legg eit solid fundament for vidare deltaking i Jakta på Superkreftene.

Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no