Foreldreklubben

Foreldra er den aller viktigaste ressursen rundt barna – dei som er tettast på, kjenner dei best og har størst moglegheit til å støtte dei i å finne og utvikle superkreftene sine. Samtidig kan foreldrerolla vere krevjande. Det er ikkje alltid lett å vite korleis ein best kan hjelpe barnet til å gjere gode val om framtida. Foreldreklubben gjer det enklare å vere ein god støttespelar, ved å samle ressursar, erfaringar og inspirasjon – og ved å gjere heile lokalsamfunnet til ein ressurs for deg som forelder.

Når du melder deg inn i Foreldreklubben, får du tilsendt gratis bøker og brosjyrer, invitasjonar til gratis arrangement, sosiale samlingar og webinar. Du får tilgang til spesialistar, svar på spørsmål du lurer på, og eit nettverk av andre foreldre som deler erfaringar og støttar kvarandre. Alt dette utan at det krevst noko verv eller innsats frå deg – berre lyst til å ta imot det vi deler.

"*" indicates required fields

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Kontaktinformasjon

Om medlemskapet

Målet er å hjelpe deg å støtte barnet i å:

  • Oppdage eigne superkrefter
  • Lære om moglegheitene i lokalsamfunnet
  • Auke kunnskapen om å velje inn – og velje vekk
  • Bygge eit sterkt nettverk og samle erfaringar
  • Få ei stor verktøykasse for å ta gode val om framtida

Foreldreklubben er ein gratis medlemsklubb for alle foreldre i Nordfjord. Vi jobbar saman for å gi barna våre eit betre utgangspunkt enn nokon annan stad – med meir nettverk, erfaring, lokalkunnskap og sjølvinnsikt. Når barna våre seinare skal velje utdanning og yrke, vil dei ikkje berre stå sterkare – dei vil ha større sjanse til å finne ein jobb der dei elskar det dei gjer, og gjer det dei elskar. Det ønskjer alle foreldre for barna sine, og i Foreldreklubben gjer vi det mogleg gjennom fellesskap, kunnskap og samskaping.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no