Superklubb for storskulen
For mange barn fell motivasjonen for skule og læring brått i 5. klasse. Forsking viser at dette er eit kritisk tidspunkt for å halde på nysgjerrigheit, lærelyst og tru på eigne evner. Superklubb for storskulen (5.–7. klasse) gir eit løft akkurat når det trengst mest. Vi gir elevane nye opplevingar, praktisk kunnskap og erfaringar som byggjer både meistring og valkompetanse – og vi viser at lokalsamfunnet er fullt av moglegheiter der dei kan bruke superkreftene sine.
Superklubb er eit fritidstilbod utanfor skulen, men gjerne i forlenginga av skuledagen – nesten som SFO, men med heilt andre mål og innhald. Her kombinerer vi aktivitetar i klubblokalet med besøk til arbeidsplassar i lokalmiljøet. Klubblokalet kan ligge på skulen dersom Superklubben er knytt til éin skule, eller i sentrum dersom klubben er felles for fleire skular i ein kommune. Vi tilpassar alltid opplegget til lokale vilkår og ønske. Aktivitetane blir planlagde saman med ulike Players i Jakta-modellen, slik at elevane møter ekte menneske, ekte utfordringar og ekte arbeidsplassar. Vi blandar leik, kreativitet og praktiske oppgåver med refleksjon og samtalar, slik at barna lærer å sjå samanhengen mellom det dei opplever og eigne styrkar og interesser. Målet er at Superklubb skal vere eit gratis tilbod ein gong i veka gjennom heile skuleåret – og bli like sjølvsagt å tilby i ein kommune for 5.–7. klasse som SFO er for 1.–4. klasse.
Superklubb gir barn i storskulen eit unikt forsprang når det gjeld å forstå seg sjølv, lokalsamfunnet og moglege framtidsvegar. Dei får eit større nettverk, meir erfaring og betre sjølvinnsikt – alt saman noko dei kan ta med seg inn i ungdomsskulen, vidaregåande og vidare i livet. For lokalsamfunnet er Superklubb ein tidleg investering i framtidig arbeidskraft, trivsel og inkludering.
Superklubben fekk besøke politiet
Korleis veit du om eit yrke kan vere noko for deg, viss du aldri har fått prøve eller sett det på nært hald?
Gjennom Superklubben fekk elevar ved 5. klasse ved Nordfjordeid skule besøke politiet på Statens hus. Her fekk dei omvising på politistasjonen, prøve utstyret, sitje i politibilen og lære meir om korleis politiet jobbar.
Vil pirre nysgjerrigheita tidleg
Superklubben er eit pilotprosjekt og eit samarbeid mellom Nordfjordeid skule, Grøn Integrering og Nordfjordkompaniet. Gjennom Superklubben skal elevane få besøkje ulike bedrifter og reflektere over det dei ser og lærer i si eiga superbok.
– Born treng ikkje berre høyre om kva dei kan bli. Dei må få møte folk, prøve ting i praksis og sjå kva som finst rundt dei. Det er vanskeleg å vite om du vil bli tømrar dersom du aldri har halde i ein hammar før, seier Solheim.
Superklubben er ein del av «Jakta på Superkreftene» som handlar om at borna skal få oppdage eigne styrkar, bli nysgjerrige på ulike yrke og tryggare når dei ein dag skal velje utdanning og yrkesveg. Med ei rekkje aktivitetar frå barnehagealder av skal borna få moglegheita til å finne ut kva dei vil og kva dei får til. Dette skal gjere framtida litt mindre abstrakt.
– Vi ønskjer å vise at ein kan bu i Nordfjord og samtidig få spennande jobbar og moglegheiter, seier supersjef Tom-Øyvind Solheim i Nordfjordkompaniet.
Les heile saka hos Fjordabladet her.
Foto er lånt av Fjordabladet / Joakim Vedvik.










































