Yrkeslivsklubben

Eit berekraftig samfunn treng eit sterkt yrkesliv – både privat, offentleg og gründerar. For å sikre framtidig rekruttering og utvikling i Nordfjord, må vi starte tidleg og bygge relasjonar mellom barn, ungdom og arbeidslivet. Difor byggjer vi no ein ny klubb i Nordfjord!

Yrkeslivsklubben er laga for å samle heile breidda av yrkeslivet i regionen, slik at det blir enklare å sjå moglegheitene, ta del i samskapinga og bidra til å gi unge innsikt i kva yrkeslivet faktisk handlar om. Det er heilt gratis og vi vil ha deg med på laget!

Bli medlem

Som medlem får du tilsendt ein startpakke, blir påmeldt nyheitsbrev, og vi kan kontakte deg om moglegheiter for frivillig deltaking på ulike arenaer og konsept. Medlemskapet er gratis – meld deg inn via skjemaet under!

"*" indicates required fields

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Verksemd

Kontaktperson

Navn*

Informasjon om verksemda

Adresse
Storleik på verksemda*
Kva arenaer ynskjer de å bli med på*
Fleire val mogleg

Om medlemskapet

I Yrkeslivsklubben finn du informasjon om korleis du som offentleg eller privat verksemd kan vere med i Jakta på Superkreftene – frå små treffpunkt til større satsingar. Her ligg invitasjonar til konkrete aktivitetar knytt til konsept som Uglefest, Detektiv, Superklubb, Super 8 Karrieremesse og Draumedag. Klubben er eit fellesskap som skal gjere det enkelare for bedrifter, offentlege verksemder og gründerar å melde si interesse, få oversikt over aktuelle møteplassar og finne den forma for deltaking som passar best for deg.

Yrkeslivsklubben er inngangen til eit breitt og langsiktig samarbeid mellom yrkeslivet og barn og unge i Nordfjord. Gjennom klubben kan verksemdene vere med å skape opplevingar, byggje nettverk og gi ungdommar reell innsikt i moglegheitene i regionen. For yrkeslivet betyr dette tidlegare relasjonar, sterkare rekrutteringsgrunnlag og større attraktivitet. For barna betyr det auka valkompetanse, sterkare sjølvinnsikt og fleire vegar til valfridom. Meld deg inn i dag og bli med i fellesskapet!

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no