FINN DRØYMEJOBBEN!
FINN DRØYME-
JOBBEN!

Yess! Akkurat no har vi fleire bedrifter som søker tilsette i Nordfjord!

Her finn du ei oversikt med dei spennande stillingane våre medlemsbedrifter har ledige akkurat no! Vi oppdaterar denne lista annankvar måndag (partalsveker). Om du ikkje fann stillinga for deg her akkurat no, vil vi gjerne hjelpe deg å finne din plass i Nordfjord. Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjar – då vil Anders ta kontakt med deg for å hjelpe deg med å finne ein jobb som passar for akkurat deg!

Sjekk ut arbeidsmoglegheitane i våre flotte kommunar!

Bremanger kommune søkjer nye medarbeidarar

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv.

Kommuna er kjent for sine kvite strender, sjøklipper, høge fjell, fjord, seglingslei, hav og isbre. Eit eldorado av naturopplevingar der været i seg sjølv er verdt å oppleve både i solskin og storm.

Gloppen kommune har fleire spennande stillingar ute

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.

Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

Ledige stillingar i Stad kommune

Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire.

Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Stryn kommune har fleire ledige stillingar

Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.

Omgjevnadene i Stryn kan verkeleg slå pusten ut av ein. Med bratte fossefall, djupe dalar, høge fjell og smaragdgrøne vatn er det ikkje uten grunn at bilete frå Stryn går verden rundt på sosiale medier. Med den storslåtte naturen som arena finst det eit vidt spenn av aktivitetstilbod i heile kommunen.

Om Jobb i Nordfjord

Korleis skal Nordfjord bli verdas fremste region på rekruttering? Korleis skal vi hjelpe næringslivet vårt med å finne arbeidstakarar, og korleis skal vi hjelpe både nordfjordingar og andre å finne jobbar her?

Dette var utfordringa vi stod overfor våren 2020. Løysinga? Vi henta heim super-Tonje, ein ung utflytta nordfjording som etter 16 år i Australia gjerne ville tilbake til fantastiske Nordfjord. Kven vil vel ikkje det? Målet vårt var å skape ein møteplass der vi koblar arbeidsgivarar og arbeidstakarar. No skulle det vere slutt på brannsløkking og uklare vegar for å både rekruttere og finne jobbar i Nordfjord. Difor skapte vi Superjobb, som i dag består av tre fantastiske personar klare til å hjelpe bedrifter, kommunar, studentar og arbeidssøkjarar som er nysgjerrige på kva Nordfjord har å tilby. Sidan starten i 2020 har vi bidrege til at over 140 personar har flytta heim til regionen, og vi har plass til mange fleire.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no