Styreportal for Nordfjord

Ein ny nettbasert styreportal utvikla av Nordfjordkompaniet og Inviro gjer det no enklare for folk som er interessert i eit styrearbeid å få innpass.

Nordfjordkompaniet og Inviro har samarbeidd om å lansere ein ny styreportal som skal forenkle rekrutteringsprosessen til styrer i Nordfjord. Portalen gjer det mogleg for både bedrifter og potensielle kandidatar å registrere seg og markere interesse.

Har du lyst til å bidra i eit styre? Det kan vere alt frå start-ups til frivillige organisasjonar til store, internasjonale bedrifter med base i Nordfjord. Då kan du registrere deg i Styreportal for Nordfjord 👍

Bedriftene får tilgang til ein database med kandidatprofilar for å finne personar med passande kompetanse og erfaring. Med ein direkte kommunikasjonskanal kan bedrifter enkelt kontakte interessante kandidatar. Den nye portalen er no tilgjengeleg for alle bedrifter i Nordfjord-regionen og registrering er gratis.

Kven er kandidatane?

I Styreportalen har vi etablert ein omfattande database med enkeltpersonar som er engasjerte i å bidra aktivt til utviklinga av næringslivet og frivillige organisasjonar i Nordfjord. Det er verd å merke seg at omtrent halvparten av dei registrerte er kvinner.

På biletet ser de nokre anonymiserte døme på personar som har vist interesse for å innta ein styreposisjon i ei bedrift i Nordfjord. Talet med potensielle kandidatar aukar jamt og trutt. Er du interessert i å vere ein del av leiinga i ei bedrift i Nordfjord?

Få tilgong

Om du/di bedrift vil ha tilgong til kandidatane i styreportalen kan du registrere bedrifta hos oss. Då vil du få tilsendt alle kandidatane slik at du eller valnemnda kan ta kontakt med dei kandidatane som er aktuelle.

Informasjonen i lista inneheld, namn, kjønn, telefonnr, epost, jobb, utdanning, erfaring og type bedrifter dei vil sitte i styret hos. Har du spørsmål? Ta kontakt med Anders

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no