Gjer ein forskjell – rett frå kontoret!

Nordfjord treng folk – og folk treng å høyre til.
Nordfjordkompaniet i samarbeid med Vestland Fylkeskommune har satt igang eit nytt prosjekt der arbeidsplassen blir sentral i å skape ekte inkludering. Prosjektet skal utvikle metodar og verktøy for å hjelpe bedrifter i Nordfjord å bli pådrivarar for inkluderingsarbeid – både på eiga arbeidsplass og i lokalsamfunnet. Målet er å auke tilknytning og «blilyst» blant tilflyttarar og tilbakeflyttarar, og dermed redusere fråflytting og sikre tilgangen på kompetanse.

Formål og visjon

Vi skal utvikle og teste ein modell for inkluderingsarbeid i distriktsbedrifter:

  • Praktiske, fleksible verktøy for arbeidsplassen
  • Bygd i samarbeid med lokale pilotbedrifter
  • Støtta av Vestland fylkeskommune gjennom «Berekraftig verdiskaping»

Kva verktøy kan vi utvikle og teste?

  • Mentorprogram og fadderordning
  • Språktrening på jobb («norsk på kaffipausen»)
  • Inkluderingskartlegging
  • Sosial deltaking og aktivitetar
  • Mangfaldsworkshop

Desse aktivitetane er berre forslag, vi skal ha eit hackathon for å finne dei beste løysingane.

Tidslinje

  • Vår 2025: Kartlegging og rekruttering av pilotbedrifter
  • Haust 2025: Kartleggingssesjonar i bedrift og hackathon
  • Vinter 2026: Testing av tiltak i verktøykassa og oppfølging
  • Vår 2026: Evaluering og deling av resultat

Kven er med?

  • Tine Meieri Byrkjelo
  • Stryn Kommune
  • Lefdal Mine Datasenter
  • Nomek As
  • Elkem As

Kartleggingssesjonen

Kartleggingssesjonen er ein sentral del av prosjektet «Næringslivet som inkluderingspådrivar». Målet er å få eit felles bilete av korleis situasjonen i bedrifta er i dag, og korleis dykk ønskjer at den skal vere i framtida – når det gjeld inkludering av arbeidsmigrantar.  I dette prosjektet er arbeidsmigrant definert som ein person som har flytta til regionen nyleg og ikkje har tilknytning i form av eit etablert sosialt nettverk.

Gjennom ein strukturert og praktisk sesjon skal vi saman identifisere kvar bedrifta står i dag, kva som fungerar, og kvar det finst behov for utvikling. Samstundes ser vi framover: Kva kunne inkludering ha sett ut som – dersom alt var mogleg? Kva tiltak vil gjere ein reell forskjell for nye tilsette og for arbeidsmiljøet som heilskap?

Kartlegginga består av to delar. Den fyrste delen beskriv no-situasjonen: Kor mange av dei tilsette er arbeidsmigrantar? Kva tiltak har dykk i dag, som onboarding, språkstøtte eller sosial integrasjon? Korleis arbeider de med inkludering no – og kva erfaringar har de gjort dykk?

Den andre delen handlar om ønskja situasjon: Korleis kunne dykk ha jobba med inkludering dersom dykk hadde alle ressursar tilgjengeleg? Kva tiltak har ein behov for? Kva kompetanse og samarbeidspartnarar trengst for å komme dit?

Dette er ikkje eit intervju – men ein prosess for å få fram gode refleksjonar, konkret kunnskap og eit felles utgangspunkt for vidare utvikling. Resultatet frå kartlegginga vil danne grunnlag for problemstillingar ein legg fram til vidare utvikling i hackathon tirsdag 18. november.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no