Som du kan sjå er vi tilbake på skulebenken – vi håpar at du kan lære oss noko nytt slik at vi kan bli endå betre i vår kommunikasjon med dei yngre målgruppene våre 🤩

Sommarjobb: Digital innhaldsprodusent i Nordfjordkompaniet

Er du kreativ, engasjert og glad i å formidle gode historier? Studerer du kommunikasjon, marknadsføring, medieproduksjon eller liknande? Eller er du berre veldig glad i slikt arbeid? Då kan dette vere sommarjobben for deg!

Om oss
Nordfjordkompaniet jobbar for å gjere Nordfjord til ein endå betre stad å jobbe, leve og bu. Vi samlar på superkrefter og skapar spennande prosjekt som knyter saman næringsliv, utdanning og lokalsamfunn. No ser vi etter ein digital innhaldsprodusent som kan hjelpe oss med å formidle desse historiene på ein engasjerande måte.

Om stillinga
Som digital innhaldsprodusent vil du få ansvar for å skape innhald til våre digitale plattformer. Dette kan vere alt frå artiklar og SoMe-innlegg til foto og video. Vi tenkjer å ta ut litt ferie i sommar og ein del av tida vil det nok vere ganske få på jobb. Derfor må du kunne vere ganske sjølvgåande – men vi vil sjølvsagt jobbe tett med deg før vi ein etter ein stikk av på ferie.  Om du har lyst på nokon veker ferie i juli er det ikkje noko problem.

Arbeidsoppgåver:

  • Lage historier frå heile Nordfjord med studentar som er i sommarjobb
  • Vere med på stand på Malakoff
  • Bidra med idear til korleis vi kan bli endå betre på det arbeidet vi gjer for best å nå målgruppene våre
  • Har du eit eige prosjekt du gjerne kunne tenkt deg å satt ut i livet? Om det passar inn hos oss hadde det vore heilt supert!

Kven er du?

  • Du har erfaring med innhaldsproduksjon og digitale verktøy – det vere seg gjennom hobby, studie eller jobb
  • Du er kreativ, initiativrik og har eit godt blikk for visuell kommunikasjon
  • Du blir glad når du får ein high-five om morgonen
  • Du har lappen då det kjem til å bli ein del reising – du får sjølvsagt bruke ein av våre bilar

Vi tilbyr:

  • Sommarjobb i 4 eller 5 veker – kva veker er litt opp til deg men det må vere i månadane juni, juli eller august
  • Eit kreativt og sosialt arbeidsmiljø – men vi håpar du kan utfordre oss på korleis vi skal nå studentar i kommunikasjonen vår
  • Fleksibel arbeidsstad i vakre Nordfjord – dei som jobbar mest med dette sitt på kontoret i Stryn og derfor må du vere her ein del i starten av sommarjobben

Er dette noko for deg? Send oss ein søknad og fortel kvifor du vil jobbe med oss i sommar!

Søknadsfrist: 18.05.25

Om det er noko du lurer på er det berre å ringe Tonje på 940 57 325 eller sende ein e-post på tonje(a)nordfjordkompaniet.no

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no