
Vi har gleda av å invitere dykk til ein inspirerande kveld med Linn Muldbakken – frisør, salongeigar, foredragshaldar og ein sterk fagleg pådrivar i frisørbransjen.
Linn brenn for faget, menneska og moglegheitene som finst i frisøryrket. Med brei erfaring, fagleg tyngde og eit stort engasjement deler ho erfaringar og perspektiv som kan gi både inspirasjon, nye tankar og motivasjon i kvardagen.
Kva kjenneteiknar ein profesjonell frisør og ein god arbeidsplass?
Linn vil mellom anna ta oss med inn i:
• Profesjonalitet og trivsel
Kva kjenneteiknar ein profesjonell yrkesutøvar, og korleis kan vi skape arbeidsplassar der både kundar og tilsette trivst og utviklar seg?
• Eigenutvikling og fagleg vekst
Korleis kan vi halde på nysgjerrigheita, utvikle oss vidare og sikre kontinuerleg fagleg vekst – både individuelt og som salong?
• Lærlingar og framtida for faget
Kvifor er det viktig å ta imot lærlingar, og kva verdi kan det skape for den enkelte salong, for fagmiljøet og for heile bransjen?
• Samarbeid på tvers av salongar
Kva kan vi få til når vi deler erfaringar, kompetanse og idear? Linn vil vise til konkrete døme på korleis samarbeid kan bidra til utvikling og nye moglegheiter.
Om Linn Muldbakken
Linn eig og driv Haar Ateliér AS, og er lidenskapeleg oppteken av korleis vi kan skape den beste kvardagen som frisør – og dei beste opplevingane for kundane. Har vore i bransjen i 26 år, vore opplæringsansvarleg og fagleg leiar i 10 år. I tillegg har ho jobba som artist Educator for Joico i åtte år. Sjølvstendig næringsdrivande i 6 år.
Ho er kjent for å vere engasjert, fagleg sterk, sprudlande og inspirerande, og har ein eigen evne til å skape entusiasme og engasjement rundt frisørfaget.
Dette blir ein kveld for fagleg påfyll, inspirasjon, refleksjon og fellesskap – og ikkje minst ei moglegheit til å møte andre som brenn for same fag.
Samarbeid for frisørfaget i Nordfjord
I tillegg til foredraget med Linn vil vi presentere samarbeidet mellom Nordfjordkompaniet, Eid vidaregåande skule – frisørlinja – og Fin frisør og hudpleie.
Vi ønskjer å løfte fram korleis vi saman kan bidra til eit sterkare fagmiljø, fleire moglegheiter for læring og utvikling, og ei positiv framtid for frisørfaget i Nordfjord.
Vi håpar du vil setje av kvelden og bli med!
Det er når vi deler, lærer av kvarandre og står saman at vi kan utvikle faget vidare.
Velkomen til ein inspirerande kveld for frisørfaget i Nordfjord!
Dato: Tysdag 27. oktober 2026
Tid: Kl 1800-2030
Stad: Nordfjord hotell, Nordfjordeid
Link til påmelding: Sjå nedanfor
Frist: Torsdag 22. oktober 2026.
Det blir enkel servering.
Med venleg helsing
Nordfjordkompaniet v/Hilde-Kristin Nord
Eid vidaregåande skule – frisørlinja, v/Marilyn Osmundsvåg
Fin frisør og hudpleie v/Kari Elisabeth Flaten og Veronika Hansen Marøy
Meld deg på her
"*" indicates required fields




