Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Kurs i varme arbeider 22. oktober 2026

22. oktober kl 09:00 - 15:30

Velkommen til kurs i varme arbeider hausten 2026. Årets kurs blir arrangert i samarbeid med Inviro.

TID OG STAD

Torsdag 22. oktober 2026 kl 09:00-15:30
Fellesanlegget Tua på Nordfjordeid
Adr: Stigedalsvegen 2599, 6774 Nordfjordeid

INFORMASJON OM KURSET

Frå 1. januar 2026 kom det nye krav i godkjenningsordninga for varme arbeid. Kurset blir gjennomført etter dei gjeldande krava og gir deltakarane nødvendig opplæring for å kunne utføre varme arbeid på ein trygg og forsvarleg måte.

Dette lærer du
Gjennom kurset får deltakarane mellom anna opplæring i:

brannførebygging og risikovurdering
sikker gjennomføring av varme arbeid
bruk av sjekkliste og sikkerheitsforskrifter
sløkkjeutstyr og riktig val av sløkkjemiddel
praktisk sløkkjeøving
ansvar og krav knytt til utføring av varme arbeid
Kurset blir avslutta med individuell eksamen.

Etter gjennomført kurs, praktisk sløkkjeøving og bestått eksamen får deltakarane sertifikat i varme arbeid utstedt av Brannvernforeningen. Sertifikatet er gyldig i fem år.

Oppdatert etter nye krav frå 2026
Finans Norge Forsikringsdrift innførte nye krav i godkjenningsordninga for varme arbeid frå 1. januar 2026. Kurset blir gjennomført i samsvar med den oppdaterte ordninga.

Kursleiar
Kurshaldar er Brynjar Flo frå Flo Brannsikring, som er godkjend instruktør gjennom Brannvernforeningen etter dei gjeldande krava.

Kurset er særleg relevant for handverkarar, entreprenørar, industribedrifter, verkstader, bygg- og anleggsverksemder og andre som utfører arbeid der det kan oppstå brannfare.

For verksemdene er kurset også ein viktig del av arbeidet med å førebyggje brann og sikre at krav i forsikringsvilkåra blir følgde.

Meir informasjon om kurset finn du på Inviro sine nettsider: https://inviro.no/aktivitetskalender/kurs-varme-arbeid

Det blir servert lunsj.

PÅMELDING

Lærlingar som treng kurset for å nå læreplanmåla: Du blir automatisk påmeldt av din superrådgjevar i Nordfjordkompaniet. Sjå aktivitet i fagbrev-appen og ta kontakt om du er usikker.

Andre tilsette: Kurset er ope for alle. Informasjon om kurset, samt link til påmelding finn du på nettsida til Inviro: https://inviro.no/aktivitetskalender/kurs-varme-arbeid

 


Detaljar

Stad

  • Fellesanlegget Tua – Nordfjordeid
  • Stigedalsvegen 2599
    Nordfjordeid, 6774 Norway
    + Google-kart

Arrangør

  • Inviro

Detaljar

Stad

  • Fellesanlegget Tua – Nordfjordeid
  • Stigedalsvegen 2599
    Nordfjordeid, 6774 Norway
    + Google-kart

Arrangør

  • Inviro

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no