
No er det klart for første oppfølgingssamling etter Kompani Nordfjord. Samlinga har oppmøteplikt for alle 1. års ungdomslærlingar og har fått navnet «Oppdrag læretid»
NÅR: Torsdag 1. oktober, kl. 13–18
KVAR: Gymmen scene og studio, Nordfjordeid.
Her er kartlink: https://maps.app.goo.gl/Zyt6urzEBr2z858h9
Parkering bak Operahuset eller ved Eid Idrettshus.
Kl. 13–16: Fagdel
Vi snakkar om arbeidsmiljø og HMS, eigeninnsats og utvikling, og mål og forventningar i læretida. Det blir også refleksjonar og oppgåver å løyse.
Kl. 16–18: Pizza og aktivitetar
Mat og drikke, padeltennis, sandvolley, brettspel med meir. 2. års lærlingar kjem også til denne delen.
Før du kjem:
✔ Et lunsj før du kjem. Vi startar med ein gong, og det blir ikkje mat før kl. 16.
✔ Varsle arbeidsgjevaren din.
✔ Treng du skyss? Sei frå til rådgjevaren din.
Påmelding
Samlinga har oppmøteplikt for alle 1.års ungdomslærlingar og du er automatisk påmeldt. Følg med i Fagbrev.io-appen.
Neste samling
Oppdrag 2 er torsdag 29. oktober, same tid og same stad.
Vi gler oss til å sjå deg!
Beste helsing gjengen i Nordfjordkompaniet




