Lastar Hendingar

« All Events

Raftingtur til Sjoa for 2. årslærlingane

17. september kl 09:00 - 18. september kl 15:00

- Gratis

VELKOMEN TIL RAFTINGTUR FOR 2. ÅRSLÆRLINGANE

Torsdag 17. – fredag 18. september 2026

17.-18. september set vi kursen mot Sjoa og planlegg rafting, grilling og kjekke aktivitetar 🙂 Raftinga er ein fantastisk kjekk aktivitet, og alle kan rafte uansett om du har prøvd rafting før eller ikkje. Det er profesjonelle guidar med mykje erfaring. Turen blir tilpassa gruppa – og dette er i tillegg ein stor naturopplevelse.

Det blir grillbuffet, aktivitetar, bålkos og overnatting inne og evt i lavvohytte før vi et frukost saman og set kursen mot Nordfjord igjen.

Hugs å avtale med arbeidsgjevar i god tid om du vil vere med.

Påmeldingsfrist: mandag 31. august kl 13.00
Viktig at du sender inn skjemaet nedanfor slik at vi får samla inn info 🙂

 

PAKKELISTE

Sengesett: Dynetrekk, putetrekk og laken.

Badetøy*

Ullundertøy*

Ullsokkar*

2 badehandkle*

Tørt skift (alt du har brukt på turen er gjennomvått etterpå)

Varme og gode klede til å vere ute i

Vindtett jakke

Hue

Casual klede

Lette klede til type volleyball i fint vær.

Joggesko

Shorts/t-skjorte – vi håpar på sol 🙂

Solbriller

Solkrem

Drikkeflaske

Snacks og brus til eige bruk. (Det er kiosk på området)

*til bruk under våtdrakta
Info fra Go Rafting Sjoa: Av oss får du låne redningsvest, hjelm, våtdrakt og neoprensko. Ta gjerne med egen tynn ullgenser/fleece/superundertrøye, (NB: ikke bomull!) og gjerne superunderbukse / stillongs eller minimum shorts/bikini til å ha under våtdrakta. Husk å ta med tørt skift, alt du har brukt på turen er gjennomvått etterpå! Etter turen er håndkle kjekt å ha.

Om du manglar noko, kan mykje lånast hjå BUA som er lokalisert fleire stader i Nordfjord https://www.bua.io/lane-utstyr
Om du ikkje får tak i utstyr sjølv, ta kontakt med Kristin i Nordfjord opplæringskontor (900 500 92)  så skal vi hjelpe.

 

OPPMØTE

Vi har felles avreise frå rutebilstasjonen i Stryn. Felles oppmøte i Stryn for alle er kl 08.45 på Stryn rutebilstasjon. Dette gjeld for alle. Det blir felles avreise frå Stryn kl 09.00.

PROGRAM

Torsdag 17. september

08.45 Alle møter på Stryn Rutebilstasjon

09.00 Felles avreise frå Stryn (Rutebilstasjonen) mot Strynefjellet

11.00 Inntil 30 min pause på Lom (vi spanderer kanelsnurr på Bakeriet i Lom)

12.30 Ankomst og innlosjering. Alle fyller ut egenerklæringsskjema før lunsj.

13.00 Lunsj

14.00 Rafting dagstur

19.00 Grillmiddag

Aktivitetar og bålpannekos utover kvelden

Fredag 18. september

09.00 Frokost

10.30 Utsjekk og avreise

 

PRAKTISK INFO

Alle som skal delta på rafting må før aktivitetsstart signere på en standard ansvarserklæring. Sjå skjema her. Vi printar ut skjema til alle.

Det er skjenkebevilling i leiren og mulighet for å kjøpe øl/vin, og medbrakt alkohol er ikkje tillatt på turen.

Det skal være ro på soveområdet i tidsrommet 23.00 – 07.00.

Om du har meldt inn at du er usikker på om du vil rafte, håpar vi likevel du vil vente til du kjem fram og får info info frå instruktørane før du endeleg bestemmer deg. Det er mulig å ombestemme seg og bli med likevel.

Nordfjordkompaniet er ansvarleg for turen, og vi forventar oppførsel deretter.

Oppmøte presis til felles aktivitetar, måltid og transport.

Ta ansvar for å inkludere alle, og sørge for at alle skal ha det kjekt på tur.

 

TRANSPORT

Vi samkøyrer i privatbilar og tek kontakt for koordinering. Alle møter kl 08.45 på Stryn rutebilstasjon. Felles avreise frå Stryn for alle kl 9.

Køyrebeskrivelse fra Lom/Skjåk/Stryn: «Kjør Rv 15 til du har igjen ca 6 km til Vågåmo. Sving der til høyre på Fv 51 mot Fagernes, og kjør 20 km til Randsverk. På tettstedet Randsverk svinger du til venstre inn på Fv 257. Derfra er det 24 km ned til oss, vi ligger på venstre side av veien».

 

 

Detaljar

  • Start: 17. september kl 09:00
  • Slutt: 18. september kl 15:00
  • Billettpris: Gratis
  • Kategori:

Stad

  • Go Rafting Sjoa AS
  • Heidalsvegen 829
    Nedre Heidal, 2766 Norway
    + Google-kart

Arrangør

Detaljar

  • Start: 17. september kl 09:00
  • Slutt: 18. september kl 15:00
  • Billettpris: Gratis
  • Kategori:

Stad

  • Go Rafting Sjoa AS
  • Heidalsvegen 829
    Nedre Heidal, 2766 Norway
    + Google-kart

Arrangør

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no