Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord?
Meld deg inn i Heia Nordfjord 🤩

Møt Maria – engasjert jobbsøkar med hjarte for folkehelse og lokalsamfunn

Litt kort om deg. Alder, kvar er du frå?
Mitt namn er Maria, er 27 år, og kjem frå Vanylven på Sunnmøre. Etter fleire års studiar ved NTNU i Trondheim ser eg no etter arbeidsmoglegheiter i Nordfjord – nærare familien og naturen eg trivst best i. Eg har utdanning i psykologi og folkehelse, og ser etter ein meiningsfull jobb der eg kan styrkje befolkningshelsa og lokalsamfunnet.

Kvifor vil du til Norge/Nordfjord?
Nordfjord kombinerer mykje av det eg set høgast: nærleik til naturen, aktive lokalsamfunn og ulike yrkesmoglegheiter innan folkehelse. Heile livet har eg vore glad i friluftsliv, jakt og fiske. Etter å ha gått på Friluftsskulen på Sandane for kring sju år sidan, fekk eg verkeleg oppleve kor mykje Nordfjord har å by på når det kjem til desse interesseområda. I tillegg har eg også familie i Nordfjord, Sunnfjord og Vanylven, og kunne difor tenkje meg å etablere meg i nærleiken av dei. Eg er heimekjær og likar meg godt utanfor byane sitt «mas og kjas».

På folkehøgskulen møtte eg også min noverande kjærast. Eg fullfører studiane mine eitt år før han, og me har lenge tenkt på kvar me ynskjer å busetje oss når me vert «vaksne». I denne prosessen har nettopp tilgangen på natur vore ein tungtvegande grunn til at me begge ynskjer oss til Nordfjord. I tillegg ser me føre oss å få born, og det å gi dei moglegheita til å vekse opp i omgjevnadar som byr på ei rekkje ulike aktivitetar, friluftsliv og kulturliv, verdset me høgt.

Kva jobb ønskjer du å få?
Med ein bachelor i psykologi og ein master i folkehelse ser eg på meg sjølv som ein allsidig ressurs i arbeidslivet – ei potet – som eg meiner er ekstra viktig i distrikta. Undervegs i bachelorutdanninga fann eg ut at eg hadde lyst å arbeide meir førebyggjande, helsefremjande og systematisk, noko som gjorde at nettopp ei utdanning innanfor folkehelse var gjevande.

Eg har særleg interesse for arbeid i skjeringspunktet mellom arbeid og helse, helsefremjing og tidleg innsats. Eg ønskjer meg ein jobb der eg får vere med på å styrkje livskvalitet, førebygge utfordringar og bidra til eit betre lokalsamfunn – både for enkeltmenneske og grupper. Konkrete stillingstypar eg ser etter kan vere prosjektstillingar i ulike verksamheiter, rådgjevarstillingar i kommune/NAV, eller jobbar innan førebyggjande helsearbeid og samfunnsutvikling. I tillegg ynskjer eg å arbeide ein stad der min innsats vert anerkjent, og som legg vekt på godt arbeidsmiljø og kombinasjonen av både sjølvstendig arbeid og arbeid i team.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?
Då eg undersøkte arbeidsmoglegheiter i Nordfjord på LinkedIn, kom eg over eit innlegg frå Nordfjordkompaniet om Jobbmåndag. Måten som Nordfjordkompaniet arbeidar på for å rekruttere arbeidskraft til regionen såg veldig spennande ut, og etter å ha lest om dei, bestemte eg meg for å melde meg inn i Heia Nordfjord-Nettverket.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no