Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb 🤩

Møt skaparen av Super Duper!

🦉 Super Duper og systova med superkrefter

Visste du at det er designaren Anndi Bergset som står bak den originale uglefiguren Super Duper? Ho er ikkje berre ein illustratør – ho er også ein viktig medskapar av fantasiverda Samhald fjordlandsby, utvikla av Geir Arne Solheim som del av edutainment-konseptet i prosjektet Jakta på Superkreftene.

Super Duper symboliserer klokskap, nysgjerrigheit og det å våge å vere seg sjølv – ein superhelt for dei yngste, med noko å seie til oss alle. Ho har allereie besøkt både barnehagar og bedrifter, og no har vi fått ho som hand-dukke – perfekt for å gjere valkompetanseundervisning meir levande og engasjerande for barn.

Ein plass for både folk og planeten

Men Anndi er ikkje ferdig der. I Stryn er ho dagleg leiar for Gjensyn – ei systove og inkluderingsverksemd som brenn for både menneske og miljø. Her blir den nye Super Duper-dukka laga av resirkulerte materialar – og det er berre starten.

Saman med styreleiar Torstein Tvinnereim har Anndi bygd eit miljø der kvinner med minoritetsbakgrunn får utvikle språk, arbeidserfaring og ikkje minst: meistring og sjølvtillit. Her handlar det om mykje meir enn nål og tråd – det handlar om fellesskap, moglegheiter og å ta vare på det vi har.

Der eventyret starta

I Gjensyn møtest kreativitet, kultur og kompetanseutvikling. Det er her ekte samfunnsinnovasjon skjer – i møte mellom handverk, hjarte og handling. Og ja, det er her eventyret om Super Duper faktisk starta. Ei lita ugle med store venger – teikna i Nordfjord, laga for å fly langt.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no