Kunne du tenke deg jobb i Nordfjord? Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb eller send oss ein e-post på hei@nordfjordkompaniet.no så skal vi ta kontakt med deg🤩

Nordfjord er ein magisk plass for meg og min familie

Eg heiter Romano Weise og eg er 39 år. Eg kjem frå Tyskland og vaks opp i ein liten by som heiter Finsterwalde, sør for Berlin. Før eg og familien flytta til Sandane i september 2024 budde eg Frankfurt/Main i 8 år. No bur vi på Gimmestad og begge borna våre på 2 og 3 år går i barnehagen der. Eg har starta på norskkurs ved sida av jobben som sjølvstendig næringsdrivande. På fritida likar eg å spele fotball og Borussia Dortmund er mitt favorittlag.

Kvifor vil du bu i Nordfjord?

Eg og kjærasten min spurte oss i kva for omgjevnader vi ønska å sjå borna våre vakse opp og korleis vi ynskja å forme framtida vår. Etter å ha vurdert ulike alternativ våga vi oss å ta skrittet og flytta til Sandane, heimstaden til kjærasten min. Eg likar å være ute i naturen, gå turar, stå på ski og å nyte roen i naturen. Nordfjord er ein attraktiv region som byr på mange flotte naturopplevingar og eit mangfald av aktivitetsmoglegheiter. Dette tar eg gjerne i bytte mot storbylivet. Og så hjelper det jo at her er eit lite men godt tilbod med hint av byliv. Nordfjord er ein magisk plass for meg og min familie.

Kva jobb ønsker du å få?

Etter fullført master i ledelse for bygg, eigendom og infrastruktur jobba eg 8 år som prosjektleiar for ulike nybygg og renoveringsprosjekt. Min jobb er å styre byggeprosjektet frå planlegging til ferdigstillelse og fungere som eit bindeledd mellom byggherre og planleggarane og handverkarar. Dette inkluderer blant anna kostnadskontroll, opprettelse av tidsplanar, kvalitetsstyring og identifisering av prosjektrisiko og igangsetting av mottiltak. For tida jobbar eg som frilanser og har tatt med meg noko av arbeidet og prosjekta mine frå Tyskland. No vil eg gjerne finne ein arbeidsgivar i Nordfjord.

Det eg ynskjer frå ein framtidig arbeidsplass er å kunne utvikle meg og jobbe med spennende prosjekt. Det er viktig for meg å kunne innføre og implementere bærekraftige og framtidsretta løysingar. Eg ynskjer ein jobb der arbeidet mitt blir verdsatt, kor eg føler meg nyttig og kor eg kan ha ansvar. Dette kan være som prosjektleder for byggeprosjekt, men også på andre arenaer. Eg er open for nye arbeidsområde og utfordringar.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?

Kjærasten min og svigerfar var på seminar der Nordfjordkompaniet presenterte seg og dei tipsa meg om dykk. På nettsida fann eg meir informasjon og tok kontakt.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no