Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i NORD + FJORD-nettverket som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb 🤩
Vi treng ein superkraft-jeger! 🦸
Jakta på Superkreftene er i full gong – og no treng vi fleire folk til å vidareutvikle prosjektet.
Vi i Nordfjordkompaniet er på jakt etter ein engasjert superkraft-jeger som vil vere ein sentral drivar i eitt av dei kulaste prosjekta i Norge om dagen. Vi snakkar om uglefest i barnehage, karrieremesser, superklubb, draumedag og detektivoppdrag ute i bedriftene – alt for å hjelpe born og ungdom til å finne sine eigne superkrefter.
Dette er ei 100 % prosjektstilling – 12-18 månadar (det som passar for deg), med moglegheit for forlenging
Kva er Jakta på Superkreftene?
Alle har superkrefter – men dei kjem ikkje alltid fram av seg sjølv. Jakta på Superkreftene er Nordfjordkompaniet sitt banebrytande prosjekt for å hjelpe born og unge i Nordfjord med å oppdage kven dei er, kva dei meistrar og kva framtid som ventar dei her heime. Vi jobbar tett med skular, barnehagar og næringsliv for å skape opplevingar som faktisk betyr noko.
Kva kjem du til å gjere?
De er limet, drivkrafta og den som får ting til å skje i praksis. Du vil:
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar saman med skular, barnehagar og bedrifter i Nordfjord
- Koordinere samarbeid og vere eit viktig bindeledd mellom alle partane
- Følgje opp deltakarar og samarbeidspartnarar i kvardagen
- Sikre god struktur og flyt – frå idé til gjennomføring
- Bidra inn i den vidare utviklinga av prosjektet med bakgrunn i alt du måtte ha i bagasjen din 🙂
Teamet ditt
Supergjengen i Nordfjordkompaniet har bygd eit flott utgangspunkt for Jakta på Superkreftene, og du kjem inn som eit friskt pust i prosjektet. Saman med oss skal du ta prosjektet vidare til nye høgder. Med på laget får du blant anna Annette som begeistrar både elevar og næringsliv gjennom Superklubb, Kjetil som brenn for superlærlingar og superkreftene til ungdommen, Siri som er ivrig både i jobben og i Røde Kors og Per Helge som er saudebonde, tømrar og opera-songar. Resten av superteamet gleder seg til å bli kjend med deg. Vi har og ute ei stilling som prosjektleiar 🤩
NB! Supersjefen Tom-Øyvind sørgjer for at vi alltid siktar litt høgare enn vi trudde vi kunne, og det smittar – garantert – håpar du er klar for det 🙂
Kvifor jobbe hos oss?
Fordi kvar einaste dag betyr noko. Du ser det på barna og ungdommane du møter. Du kjenner det i laget rundt deg.
Vi jobbar hardt – men vi har det skikkeleg kjekt medan vi gjer det. Frå Coldplay-konsert i London til strategisamling på Barmen på hytta til Tom-Øyvind med heimelaga mat og fiskestang. Glede, energi og samhald er ein viktig del av jobben.
Og så bur du i – eller får bu i – verdas flottaste region. Det er ikkje uviktig.
Praktisk:
- Hovudkontor i Stryn, med fleksibilitet til å jobbe frå fleire stader i Nordfjord
- Tilgang til tenestebil
- Reising i Nordfjord-regionen må påreknast – ganske nice egentlig 🙂
Kven ser vi etter?
Vi legg størst vekt på kven du er, ikkje CV-en din, og vi ser etter deg som:
- Ønskjer å vere med på å utvikle eit banebrytande prosjekt
- Har eit ekte engasjement for born og ungdom
- Er ein tydeleg lagspelar og god relasjonsbyggjar
- Trivst med ein aktiv og variert kvardag
- Kommuniserer godt og skapar tillit raskt
- Har gjennomføringsevne og likar å krysse ting av lista
Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel – men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du faktisk brenn for dette og ønskjer å vere med på prosjektet.
Kjenner du sommerfuglane krible? Då bør du søkje eller i alle fall ringe oss for å høyre om det kan passe for deg.
Send ein søknad til Tom-Øvind der du viser kven du er, kva du brenn for og kvifor akkurat denne rolla passar for deg.
📞 Vil du høyre meir før du søkjer? Ring Tom-Øyvind på 906 28 383 – han gler seg til å prate med deg!
Frist: 8. mai 2026
Nordfjordkompaniet jobbar kvar dag for å gjere Nordfjord suprare – for dei som bur her, og for dei som skal flytte hit.






