Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i NORD + FJORD-nettverket som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb 🤩

Vi treng ein superkraft-leiar! 🦸

Jakta på Superkreftene er i full gong – og no treng vi ein leiar som kan ta prosjektet til neste nivå.

Vi i Nordfjordkompaniet er på jakt etter ein engasjert prosjektleiar som vil vere den strategiske drivkrafta bak eitt av dei kulaste prosjekta i Norge om dagen. Du får ansvar for å forme, vidareutvikle og forankre eit prosjekt som faktisk betyr noko – for born og ungdom, for skulane, for næringslivet og for heile regionen.

Dette er ei 100 % prosjektstilling – 12-18 månadar (det som passar for deg), med moglegheit for forlenging.

Kva er Jakta på Superkreftene?

Alle har superkrefter – men dei kjem ikkje alltid fram av seg sjølv. Jakta på Superkreftene er Nordfjordkompaniet sitt banebrytande prosjekt for å hjelpe born og unge i Nordfjord med å oppdage kven dei er, kva dei meistrar og kva framtid som ventar dei her heime. Vi jobbar tett med skular, barnehagar og næringsliv for å skape opplevingar som faktisk betyr noko.

Kva kjem du til å gjere?

Du er hjerna, hjartet og framdrifta i prosjektet og du vil:

  • Ta eigarskap til prosjektet og drive det strategisk og operativt framover
  • Byggje og vidareutvikle samarbeid med skular, barnehagar, næringsliv og kommunar i Nordfjord
  • Planlegge og sikre gjennomføring av aktivitetar – frå uglefest i barnehage til karrieremesser og superklubb
  • Forankre prosjektet hos relevante aktørar og jobbe aktivt med finansiering og varigheit
  • Bidra til å knekke koden for korleis Jakta på Superkreftene kan leve vidare etter prosjektperioden
  • Utvikle verktøy, årshjul og modellar som skular og barnehagar faktisk kjem til å bruke

Og så er det noko meir. Vi jobbar med å dele Nordfjordkompaniet-modellen med andre regionar i Noreg og Europa. Dette er i startfasen, men det kan bli det som sørgjer for at Jakta på Superkreftene lever vidare – og veks – lenge etter at prosjektperioden er over. Du vil få vere med på å forme den reisa.

Kven er vi?

Supergjengen i Nordfjordkompaniet har bygd eit flott utgangspunkt for Jakta på Superkreftene, og du kjem inn som ein leiar som skal ta prosjektet vidare til nye høgder. Du jobbar tett saman med ein prosjektkoordinator – som vi òg held på å rekruttere. I tillegg vil du jobbe saman med blant anna Annette som begeistrar både elevar og næringsliv gjennom Superklubb, Kjetil som brenn for superlærlingar og superkreftene til ungdommen, Siri som er ivrig både i jobben og i Røde Kors og Per Helge som er saudebonde, tømrar og opera-songar.

Resten av superteamet gleder seg til å bli kjend med deg.

NB! Supersjefen Tom-Øyvind sørgjer for at vi alltid siktar litt høgare enn vi trudde vi kunne, og det smittar – garantert – håpar du er klar for det 🙂

Kvifor jobbe hos oss?

Fordi kvar einaste dag betyr noko. Du ser det på barna og ungdommane du møter. Du kjenner det i laget rundt deg.

Vi jobbar hardt – men vi har det skikkeleg kjekt medan vi gjer det. Frå Coldplay-konsert i London til strategisamling på Barmen på hytta til Tom-Øyvind med heimelaga mat og fiskestang. Glede, energi og samhald er ein viktig del av jobben.

Og så bur du i – eller får bu i – verdas flottaste region. Det er ikkje uviktig.

Praktisk:

  • Hovudkontor i Stryn, med fleksibilitet til å jobbe frå fleire stader i Nordfjord
  • Tilgang til tenestebil
  • Reising i Nordfjord-regionen må påreknast – ganske nice egentlig 🙂

Kven ser vi etter?

Vi legg størst vekt på kven du er, ikkje CV-en din, og vi ser etter deg som:

  • Har lyst til å leie eit banebrytande prosjekt frå front
  • Er ein naturleg brubyggjar som trivst med å skape samarbeid på tvers
  • Har engasjement for born, ungdom og distriktsutvikling
  • Kommuniserer godt – både med ein barnehagestyrar og ein kommunedirektør
  • Har gjennomføringsevne og er like komfortabel med strategi som med å rulle opp ermane
  • Tenkjer kreativt og likar å jobbe i ukjent terreng

Erfaring frå prosjektleiing, pedagogikk, næringsliv eller offentleg sektor kan sikkert hjelpe deg i gong – men ingen av delane er eit krav. Det viktigaste er at du kjenner på at dette er noko du virkelig har lyst å jobbe med.

Kjenner du sommerfuglane krible? Då bør du søkje eller i alle fall ringe oss for å høyre om det kan passe for deg.

Send ein søknad til Tom-Øyvind der du viser kven du er, kva du brenn for og kvifor akkurat denne rolla passar for deg.

📞 Vil du høyre meir før du søkjer? Ring Tom-Øyvind på 906 28 383 – han gler seg til å prate med deg!

Frist: 8. mai 2026

Nordfjordkompaniet jobbar kvar dag for å gjere Nordfjord suprare – for dei som bur her, og for dei som skal flytte hit.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no