Kunne du tenke deg jobb i Nordfjord? Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb eller send oss ein e-post på hei@nordfjordkompaniet.no så skal vi ta kontakt med deg🤩
Yrkes-NM: Dumperkøyringa var den konkurransen som eg likte best
Anders Fjellkårstad starta som lærling i Kveen AS innan veg og anleggsfaget i august 2021 etter å ha gått VG1 Bygg og anlegg på Stryn VGS. Han valgte å gå vekslingsmodellen, der det er 1 år i skule og 3 år som lærling. Etter fullført fagbrev i 2024 fekk han fast arbeid i Kveen AS, og starta på fagbrev nr 2: Maskinførarfaget 🥳
Yrkes-NM
Vinteren 2025 fekk han spørsmål om å delta på Yrkes-NM i Førde og dette takka han ja til. I løpet av 3 konkurransedagar gjennomførte han ulike oppgåver med gravemaskin, hjullaster og dumper. Anders gjennomførte godt og endte samla på ein 10. plass. Vi i Kveen er veldig stolt av kva Anders preseterte på Yrkes-NM og vi var aldri i tvil om at han ville gjere ein god figur og representere bedrifta på ein framifrå måte 💪
«Artig å få vere med på Yrkes-NM. Det er stas når det er folk frå heile landet som er med på konkurransane. Dumperkøyringa var den konkurransen som eg likte best! 😊» – Anders Fjellkårstad
Anders anbefalar andre som er interessert i anleggsbransjen om å søke læreplass i Kveen AS 👍