Har du ein draum om å bu tett på naturen, men likevel i eit varmt og aktivt fellesskap? Då bør du sjå mot Nordfjord. Her er det rom for deg – og for dei du bryr deg om.  Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb eller send oss ein e-post på hei@nordfjordkompaniet.no så skal vi ta kontakt med deg🤩
I Bremanger byggjer dei fellesskap – saman
Pengedryss til frivilligheitaÂ
I Bremanger er det ikkje berre naturen som tek pusten frå deg – det er óg fellesskapet. Våren 2025 viser kvifor Bremanger er ein kommune som satsar stort på livsglede, samhald og framtidstru. Med ei rekordstor utdeling av heile 675.000 kroner til frivillige lag og organisasjonar, er det tydeleg at Bremanger kommune meiner alvor når dei seier at dei vil vere ein god plass å bu, vekse opp – og kome heim til.
Ein kommune med hjarte for folk
Ordførar Anne Kristin Førde slår fast:
Det er dei frivillige som er ryggrada i lokalsamfunnet vårt. Difor vil vi støtte dei, løfte dei – og vise at det er her det skjer.
Gjennom midlar frå næringsfondet, Guleslettenefondet og det årlege tilskotet til barn og unge, har nesten 50 aktørar fått prosjektstøtte denne våren. Det viser ei imponerande breidde og eit rikt organisasjonsliv.
Kultur, møteplassar og meistring
Blant dei som får støtte finn ein alt frå kulturarenaer til ungdomsaktivitetar. Strandhallen på Ryland får 100.000 kroner, medan Rockweekend og Farmen LivOGLyst får 50.000 kvar – alle tiltak som byggjer identitet, skaper aktivitet og samlar folk på tvers av generasjonar.
Og for dei yngste i kommunen: 12 organisasjonar for barn og unge får til saman 200.000 kroner – blant anna skulekorps frå Davik til Kalvåg, 4H-klubbar og Barnas Turlag. Dette betyr levande fritidstilbod og trygge oppvekstmiljø – noko som mange barnefamiliar legg vekt på når dei vurderer kvar dei vil bu.
Bremanger – ein kommune for framtida
Det er mange kommunar som snakkar om bulyst. Bremanger gjer noko med det. Når over ein halv million kroner blir delt ut til frivillige eldsjeler, seier det noko om kva slags plass dette er – og kva slags framtid kommunen ønsker å skape.



