Kunne du tenke deg å jobbe i Termopartner?? Du kan sjekke ut deira nettsider her. Dei er alltid på jakt etter flinke folk.

Ynskjer seg fleire kollegaer !

Michal (45) frå Slovakia har jobba fleire tiår i Praha for ei rekkje multinasjonale selskap med store globale nettverk. 

I dag sit han med nykjøpt bustad i Innvik og jobbar for eit selskap på Stryn. 

Korleis bygda Innvik vann over millionbyen Praha kan du lese meir om her!

Mangfoldig bakgrunn

Eg har jo ei litt uvanleg utdanning. Eg har ei militær utdanning, med fokus på studiar innan statistikk, konstruksjon av militære køyretøy og mattematikk. I tillegg har eg studert human resources og psykologi.

Det mange ikkje veit er at millionbyen Praha er eit senter for teknologi, med store internasjonale selskap med mange tusen tilsette. Ein europeisk versjon av Silicon Valley rett og slett. Og der var Michal i full gong med ei internasjonal karriere. Han jobba både med IT og HR, medan kona jobba hos  hos Karls University og det nasjonale instituttet for mental helse, ein jobb ho framleis har.

Til Noreg via Korsika

Eg var på ferie på Korsika i 2011 og der møtte vi ein familie med fire born frå Noreg. Dei var på eit års jordomsegling og vi vart vener. Kvar sommar møtte vi kvarandre.

For to år sidan prøvde  kona til Michal å få til eit samarbeid mellom Karlsuniversitetet og Høgskulen i Volda. Ho drog dit for ei veke i mars 2023 og Michal vart med.

Det gjorde at vi fekk besøke vennane våre i Ørsta, der dei hadde parkert seglbåten sin. Vi las ei annonse om at Singerheimen ønska å gjenopne. Dei søkte etter nye folk til den daglege drifta – gjestehus med museum.  Singer var ein kjend amerikansk malar som forelska seg i Norge. Han bygde sommarhus i Olden, der det no er åtte rom til leige. Vi enda opp der den sommaren og leigde ut til turistar.  No er det sonen vil venene våre, Harald, som driv staden.

Is i magen

Etter sommaren i Olden sto Michal og familien ved eit vegkryss. Skulle dei bli, eller dra tilbake til Praha? Dei hadde is i magen og valde å bli.

Borna var allereie her, og eg er berre ikkje ein som gjev opp. Eg hadde eit budsjett og vi kunne vente nokre månader og sjå.

Dei fekk bu på ein gard medan Michal lette etter arbeid. Via husverten kom han i kontakt med Nordfjordkompaniet. Han fikk også kjennskap til Nordfjordkompaniet gjennom kommunen sitt inkluderingsutvalg, der Sarah oppmuntret ham til å ta kontakt.

Eg snakka fyrst med Anders, det var eit morosamt intervju, han er «open minded». Så snakka eg meg Tonje, som inviterte meg til å holde seminar for Nordfjordkompaniet om HR. Tonje visste eg var på jakt etter jobb og henviste til Termo Partner. Så her har eg vore i eit par år no.

TermoPartner har i dag nær hundre tilsette, med hovudkontor på Stryn, og er den største transportøren av blomar i Noreg. Her jobbar Michal med HR, medan han også framleis har firmaet sitt i Tsjekkia.

Eg har jobba med dette i 23 år og er god på dette, så eg har mykje å bidra med innan HR og rekruttering.

Det som er perfekt med et mindre firma er at det er ikkje så mykje stress. Vi prøver å hjelpe kvarandre med å nå måla våre. Eg trivst i jobben min, det er ikkje så stort her, ikkje noko rotte-race.

Nye røter i Nordfjord – framleis røter i Praha

Michal og kona har med seg to born til Noreg, to jenter på 7 og 8 år.

Den yngste starta i barnehage her, den andre i 2. klasse. Det går bra med dei, det er fint å sjå kor raskt dei lære norsk.

Kona har framleis jobben i Praha og pendlar dit kvar sjette veke. Men dei har planane klare for å bli i Nordfjord.

Det beste med å bu i Nordfjord er det rolege livet her. Naturen er perfekt og vi har fått norske vener. Vi kjem til å bli her, vi har nettopp kjøpt hus i Innvik. Det er jo eit av dei mest solrike stadane i Nordfjord, visste du det?

Så er det jo sjølvsagt ting vi saknar, som til dømes kulturen i Praha. Vi drog på teater, konsertar, og du kunne gå ut utan å måtte betale heila løna di for ein øl. Det sosiale livet var annleis. Men det er ei tilvenning. Vi liker å vere ute, og jentene liker teikning, maling og perling. Dei driv sport med mamma, ho er både svømmeinstruktør og har yogatimer. Vi har nettopp danna innebandylag i Olden, så der spelar eg kvar fredag. Når eg slapper av liker eg å henge med vener eller sjå ein god film.  Så har eg ein hobby med å lage ting av lær. Då slappar eg av.