Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

FOLKA 2025

21. oktober - 22. oktober

FOLKA 2025: Fire generasjonar – eitt arbeidsliv

Korleis byggjer vi ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?

Aldri før har arbeidslivet romma eit så stort spenn av erfaring, forventningar og motivasjon som det gjer i dag. Fire generasjonar i arbeidslivet – frå dei erfarne babyboomerane til generasjon Z med blikket retta framover – utfordrar oss på leiarstil, kultur, kommunikasjon og teknologi. Korleis rekrutterer, engasjerer og held vi på dei rette folka, når behova og forventningane er ulike?

21.- 22. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap om rekruttering til konferanse på Skei. Her får du konkrete tips og nye perspektiv på tvers av generasjonar – og kanskje eit lite skråblikk på din eigen leiarstil?

Stad: Grand Hotel Skei
Tid: 21. oktober kl. 11.30-16.00 og 22. oktober kl. 09.30-14.30.

Prisar for medlem/ikkje medlem:
Workshop med FAVNA: 2900/3900 inkl. lunsj, eks mva
Workshop med Nav: 1000/2000 inkl. lunsj, eks mva
Konferanse: 1900/2900 inkl. lunsj, eks mva

Er bedrifta di medlem hos ein av arrangørane, kjøper du medlemsbillett.

Konferansen vert arrangert av Framtidsfylket Vestland, NHO Vestland, Nordfjordkompaniet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling.

Ønskjer du å overnatte? Bestill hos Grand Hotel Skei.

Vi kjem til å legge opp til nokre kjekke aktivitetar onsdag ettermiddag for dei som blir igjen på Skei etter dag éin. Ta med kollegaene dine, hev kompetansen og få eit sterkare team saman på FOLKA!

Påmelding

Dag 1: Workshop

På dag éin tilbyr vi to ulike workshoppar som du kan velje mellom:

Workshop 1: Korleis fremje ein god organisasjonskultur?

FAVNA Sogn
Ein god organisasjonskultur byggjer tillit, meistring og samspel og legg grunnlaget for både trivsel og resultat. Men kva kjenneteikner eigentleg ein god kultur på arbeidsplassen? Og korleis kan du som leiar eller tilsett bidra til å utvikle den? I denne workshoppen skal du få betre innsikt i kva som er drivarane for ein god organisasjonskultur, og konkrete verktøy du kan ta med deg i utviklinga av eigen arbeidsplass.

Les meir her

Workshop 2: Arbeid og psykisk helse

Nav Arbeidslivssenter Vestland
Psykiske plagar er vanleg i befolkninga, og særleg utbredt blant unge vaksne. Dei fleste er likevel i jobb. Kva kan fremje god psykisk helse i arbeid? Og kva er dei gode grepa for at tilsette skal kunne stå i arbeid trass helseplager? I denne workshopen får du ein smakebit frå kurspakka Sees i morgon, som er eit tilbod frå NAV Arbeidslivssenter.

Dag 2: Konferanse

Dag to er konferansedagen med leiande foredragshaldarar innan tre hovudtema: generasjonsleiing, psykologisk tryggleik og digital arbeidsplass. Lokale bedrifter og aktørar fortel korleis dei jobbar med desse tema.

Detaljar

Arrangørar

  • Nordfjordkompaniet
  • Framtidsfylket AS

Stad

Detaljar

Arrangørar

  • Nordfjordkompaniet
  • Framtidsfylket AS

Stad

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no