
Gjennom prosjektet Næringsliv som inkluderingspådrivar, støtta av Vestland fylkeskommune, utforskar vi korleis arbeidsplassen kan bli ein nøkkel til trivsel, tilknytning og «blilyst» – ikkje berre for den enkelte tilsette, men for heile lokalsamfunnet.
Tilflyttarar og arbeidsmigrantar er avgjerande for kompetanse og vekst i Nordfjord, men mange opplever å falle utanfor på fritida – i det sosiale og i tilknytinga til lokalsamfunnet.
Vi har med oss fem pilotbedrifter i regionen – Elkem Bremanger, Lefdal Mine Data Centers, Nomek, Stryn Kommune og TINE Meieriet Byrkjelo. Saman har vi kartlagt korleis dei arbeider med inkludering, og kva dei ønskjer å utvikle vidare. Neste steg er å samle både næringsliv og lokalsamfunn til ein hackathon – namnet er ein samanslåing av «hack» (som i å byggje innovative løysingar) og «maraton». Dette er ein kreativ og samskapande workshop der vi saman utviklar konkrete tiltak som skal inn i ei felles verktøykasse for inkluderande arbeidsliv.
Når: Tysdag, 18. november 2025
Tid: 09:00–15:00
Stad: Nordfjord Hotell, Sandplassen 1, Nordfjordeid
Påmelding innan: fredag 7. november 2025
Servering: Gratis deltaking – lunsj inkludert
Alle er velkomne – anten du kjem frå ei bedrift, er student, pensjonist, tilflyttar, frivillig eller berre nysgjerrig på korleis vi kan skape eit meir inkluderande Nordfjord saman.
Kanskje er det din idé som blir testa ut i ei av pilotbedriftene på nyåret?
Meld deg på ved å sende ein e-post til prosjektkoordinator Linda Løvoll: linda@nordfjordkompaniet.no
Skriv: fullt namn, e-postadresse, mobilnummer og eventuelle behov for universell tilrettelegging, allergiar eller matintoleransar. Kalenderinvitasjon med praktisk info blir sendt ut til alle påmeldte. Ved å melde deg på tillet du at Nordfjordkompaniet kan lagre og behandle dine personopplysningar.
Varmt velkomen til ein dag fylt med skaparglede, samarbeid og lokale superkrefter!




