Lastar Hendingar

« All Events

Inspirasjonskveld for superbedriftene

16. mars kl 18:00 - 21:00

- Gratis

Inspirasjonskveld for superbedriftene 16. mars

Alle vil ha eit godt arbeidsmiljø, og denne kvelden gir vi deg inspirasjon, kunnskap og gode samtaler rundt det å leggje tilrette for nettopp dette.

Kveldens program er todelt. Vi startar i sofaen med Talkshow med Leifen og Kjetil. Vi har invitert spennande gjester og diskuterer viktige erfaringer, gleder og utfordringer frå kvardagen. Deretter blir det god pausemat og mingling før vi ønskjer velkomen til kveldens hovudgjest – relasjonskongen Jan Spurkeland.

Spurkeland er ein anerkjent forfattar, kulturarbeidar og kurshaldar, og er best kjend som mannen bak omgrepet relasjonsleiing. Med brei erfaring frå toppstillingar i næringslivet er han rekna som ein av landets fremste ekspertar på leiing og relasjonsbygging. Denne kvelden deler han konkrete tips til korleis relasjonsleiing kan brukast for å styrkje samarbeid og kommunikasjon i bedrifta – noko som er essensielt for eit positivt og produktivt arbeidsmiljø.

Denne kvelden passar for ALLE! 
Enten du er instruktør, fagleg leiar, dagleg leiar, HR-medarbeidar, lærling eller berre synest at dette ser spennande og lærerikt ut.

Program
17.45 Dørene opnar
18:00 Talkshow med Kjetil og Leifen – gjester i sofaen
19:00 Kveldsmat og mingling
19.45 Foredrag med Jan Spurkeland
21.00 Vel heim

Tid og stad
Dato: Mandag 16. mars 2026
Tid: 18:00 – 21.00
Stad: Kinosalen, Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid. Kartlink finn du her. Parkering ved Operahuset eller Idrettshuset.

Påmelding
Påmelding via skjemaet nedanfor innan 10. mars.

Vi ser fram til ein kjekk og inspirerande kveld saman! Håpar å sjå deg 🙂

Meld deg på

"*" indicates required fields

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Detaljar

  • Dato 16. mars
  • Tid:
    18:00 - 21:00
  • Billettpris: Gratis
  • Kategori:

Stad

Arrangør

Detaljar

  • Dato 16. mars
  • Tid:
    18:00 - 21:00
  • Billettpris: Gratis
  • Kategori:

Stad

Arrangør

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no