
Kurs om psykisk helse for faglege leiarar og instruktørar
Som fagleg leiar/instruktør er du ansvarleg for at lærlingen får god opplæring gjennom heile læretida. Psykisk helse er ein viktig faktor for å oppnå god læring.
Dette kurset er praksisnært og gir deltakarane ei innføring i kva psykisk helse er, korleis ein tideleg kan sjå teikn til utfordringar og korleis ein kan ta opp utfordringar kring psykisk helse.
Du vil mellom anna læra korleis du kan handtera vanskelege situasjonar og kven du kan kontakte.
Kurset er gratis og vert arrangert av Vestland Fylkeskommune. Vi har 25 plassar og det er første mann til mølla som gjeld.
Kursmodular og innhald
Kursdag 1:
- Kva veit vi om psykisk helse og utfordringar blant ungdom
- Tryggheit
- Meistring
- Kva er psykiske problem og kva er ein psykisk liding?
- Tidlege teikn
Kursdag 2:
- Kva kan du som fagleg leiar/instruktør gjere?
- Verktøy i møte med ungdom som har psykiske utfordringar
- Kva åtferd skal ein tole i arbeidslivet
Tid og stad
Frå torsdag 19. mars 2026 kl. 10:00
Til fredag 20. mars 2026 kl. 14:30
Eid vidaregåande skule
Sophus Lie-vegen 3, Nordfjordeid
Rom 4140
Meld deg på her:
via nettsida til Vestland Fylke
Påmeldingsfrist fredag 13. mars




