
Gjer deg klar for å få rette førjulsstemninga saman!🎅🏼
Vi startar i Nedstryn kyrkje med ein nydeleg julekonsert, der Line Dybedal er i spissen.
Arrangøren skriv dette om konserten:
«JULEKONSERT OG ADVENTSKOS
OPPLEV JULEMAGI i Nedstryn kyrkje, torsdag 11. desember kl 18. Vi har med oss artisten Line Dybedal, som saman med musikalske ungdomstalent frå vår eiga bygd skal gje oss vakre tonar og deilig førjulsstemning. VI ØNSKJER SPESIELT UNGDOMAR VELKOMNE DENNE KVELDEN. Konserten er gratis, men du må bestille billett (til plass i kyrkja).»
Etter konserten samlar vi oss på kjøkkenet på Stryn vgs., der vi kosar oss med graut, peparkaker, gløgg, julemusikk, spel, god prat…😍.
Der er også eit arrangement for ungdom i kulturhuset etter konserten denne kvelden. Viss nokon ønskjer å gå dit, er det også fullt mogleg.
Samlinga er gratis og frivillig – håper du vil kome og bidra til god førjulsstemning🎄.
NB! Veldig kort påmeldingsfrist til kyrkjekonserten (for å sikre oss plass), difor må du ikkje nøle med å melde deg på!
Påmelding via Fagbrev.io



