Lastar Hendingar

« All Events

  • Dette arrangementet er ferdig.

Supersamling mmed Lothepus i Stryn

4. desember kl 17:30 - 20:00

- Gratis

Bli med på ei supersamling utanom det vanlege! 🥳

Stryn bokhandel har lukkast i å få sjølvaste Lothepus til Stryn! Han kjem til Stryn bibliotek for å gi deg gode råd og tips henta frå boka hans, Lothepusmanualen. Du kan mellom anna forvente deg dette:

«Praktiske triks som er jækla kule å kunna. Du lærer alt frå å sløya fisk og handtera ei sag til å investera pengar, pakka tursekken og gjera deg klar til jobbintervju.

Han gir òg kloke livsråd om tillit, samliv og prestasjonsangst – og kva du gjer den dagen tankane er så tunge at du ikkje orkar å stå opp.»

Det vert med andre ord ein kveld med både humor, alvor… og sannsynlegvis ein del bannord🙉.

Før møtet med Lothepus, samlast vi i kjent stil på det vesle kjøkenet i 2. etasje på Stryn vidaregåande skule. Der et vi pizza (!) ilag, før vi går til biblioteket.

Arrangementet med Lothepus er ope for alle, så vi må bestille plass i god tid.
Merk deg derfor påmeldingsfristen:
1. desember kl 1200.

Du kan lese meir om arrangementet her: https://strynbibliotek.no/arrangement/lothepus-til-stryn-bibliotek/

Oppsummert vert supersamlinga slik:

1. Kl 1730: Pizza for superlærlingane på kjøkenet i 2. etasje, Stryn vidaregåande skule
2. Kl 1900: Arrangement med Lothepus, Stryn bibliotek. Vi går dit ilag etter måltidet

Samlinga er gratis og frivillig, du kjem vel? 🤩

Påmelding via Fagbrev.io

Detaljar

  • Dato 4. desember
  • Tid:
    17:30 - 20:00
  • Billettpris: Gratis
  • Kategori:

Stad

  • Stryn vidaregåande skule, Stryn
  • Hegrevegen 1
    Stryn, 6783
    + Google-kart

Arrangør

Detaljar

  • Dato 4. desember
  • Tid:
    17:30 - 20:00
  • Billettpris: Gratis
  • Kategori:

Stad

  • Stryn vidaregåande skule, Stryn
  • Hegrevegen 1
    Stryn, 6783
    + Google-kart

Arrangør

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no