Kunne du tenke deg ein jobb i Nordfjord? Meld deg inn i Heia Nordfjord 🤩

Gåve med meining – klede som gjer ein forskjell

Hei frå oss i Nordfjordkompaniet!

No nærmar det seg den tida på året der mange bedrifter skal finne den rette julegåva til dei tilsette. Vi har eit forslag som både varmar, og gjer ein forskjell.

💚 Ei julegåve med meining

I staden for noko som blir gløymt i skuffa, kan dokke gje eit plagg frå NORD + FJORD, ein kleskolleksjon som hyllar fellesskapet, naturen og stoltheita i regionen vår.

Alt overskotet frå salet går direkte til aktivitetar for barn og unge i Nordfjord, som ferieklubbar for barn på barneskulen, samlingar og aktivitetar for lærlingar, fellessamlingar for ungdom og foreldre, samt fleire tiltak som styrkjer trivsel og framtidstru i regionen.

💡 Slik blir julegåva ei investering i framtida, ikkje berre eit fint plagg.

🧥 Om kolleksjonen

Kleda er designa av Simen Staalnacke, og speglar det gode livet i bygda, med moderne uttrykk, kvalitetsmateriale og sterke verdiar.
Kvart plagg fortel historia om eit Nordfjord som står saman, for kvarandre, og for dei som skal vekse opp her.

🎁 For bedrifter

Gje julegåver med både verdi og meining:

  • Perfekt som gåve til tilsette eller samarbeidspartnarar
  • Dokke vel sjølve produkt, fargar og storleikar
  • Vi ordnar alt med bestilling, pakking og levering
  • Dokke støttar eit ekte, lokalt prosjekt, og viser samfunnsansvar med hjartet

Vi ønskjer å vere med på bedrifta dokka si prioriteringsliste i år, slik at vi saman kan skape noko godt for barn og unge i regionen

🧢 Slik bestiller dokke

Kolleksjonen er allereie i sal hjå Ommedal (Stryn) og Jobbpartner (Måløy), og du kan handle på nett her!
Bedrifter kan i tillegg bestille direkte frå oss.

Ta gjerne kontakt dersom dokke ønskjer å gje NORD + FJORD-plagg som julegåve til tilsette eller samarbeidspartnarar.
Vi sender gjerne over katalog og prisar, og finn ei løysing som passar for dokke.

Om dokke ønskjer større mengder klede, er det berre å gje beskjed – vi ordnar det!

📩 Bestill no, så rekk vi det før jul.
💚 Saman kan vi kle Nordfjord med varme, stoltheit og meining.

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no