Andre konsept
Jakta på Superkreftene er ein del av eit større økosystem av konsept i Nordfjordkompaniet, der alle har same grunnidé: å løyse viktige samfunnsfloker gjennom samskaping, og å bygge valkompetanse og reell valfridom for barn og unge. Nokre av desse konsepta har eksistert lenge, andre er heilt nye, men felles for dei er at dei gir Nordfjord eit konkurransefortrinn – både som bu- og arbeidsregion.
Vi utviklar og driftar både store, veletablerte konsept som Superlærling, Superfritid og Heia Nordfjord, og mindre eller meir sesongbaserte konsept som Ferieklubb, Sommarskule og Topptur. Kvar enkelt satsing startar med å identifisere ein samfunnsfloke som må løysast – til dømes fråfall i vidaregåande skule, mangel på fritidstilbod, eller behov for å rekruttere nye typar kompetanse til regionen. Deretter byggjer vi eit systematisk samskapingsprosjekt der alle relevante Players blir involverte, og vi gjennomfører tiltak som faktisk gjer ein forskjell.
Desse konsepta, gamle som nye, er med på å styrkje både menneska og samfunnsstrukturen i Nordfjord. Gjennom varierte tiltak, frå praktiske lærlingløp til sosiale møteplassar og naturbaserte opplevingar, bidreg vi til betre livskvalitet, sterkare fellesskap og fleire moglegheiter for både unge og vaksne. Dette er kjernen i Nordfjordkompaniet si verksemd som ideell foreining – å samle ressursar, bygge relasjonar og skape konkrete resultat som gjer Nordfjord suprare.

