Barnehageklubben
Barnehagen er den første arenaen der barn møter fellesskapet utanfor heimen – og som kjent tek det ein heil landsby for å oppdra eit barn. Difor er barnehagetida ein perfekt stad å starte samskaping i Jakta på Superkreftene.
No ønskjer vi å køyre ein prototype i Nordfjord på eit opplegg der vi knyter «landsbyen» rundt barnehagen tettare til kvardagen til barnehagebarna – og din barnehage er invitert til å bli med heilt gratis! Gjennom konsept som Uglefest (besøk i barnehagen), Detektiv (besøk utanfor barnehagen) og ulike edutainment-tilbod (education + entertainment) som bøker, show og musikk, kan vi vekkje ekstra nysgjerrigheit, gje meir læring og gi barna verdifulle erfaringar med samskaping med menneske utanfor barnehagen. For å få dette til å fungere best mogleg for heile Nordfjord, treng vi ei samla plattform der barnehagane enkelt kan delta, og der vi kan halde kontakten gjennom ein felles klubb. Hugs at dette er ein prototype der vi saman skal prøve oss fram til konsept som kanskje kan bli standardiserte over heile landet – og utover i Europa.

