Edutainment-konseptet
I ei verd der barn og ungdom er vant til å lære og oppleve gjennom skjerm, lyd og kultur, må vi også bruke desse kanalane til å styrke valkompetanse og meistring. Tradisjonelle møteplassar i skule og fritid er viktige, men dei når ikkje alltid alle – og dei kan ikkje vere “på” heile tida. Med edutainment kan vi gi læring, inspirasjon og motivasjon når som helst, kvar som helst – utan at vi fysisk møtest. Dette gjer Jakta på Superkreftene tilgjengeleg for fleire, over lengre tid, og på ein måte som opplevast både relevant og underhaldande.
Edutainment kombinerer education og entertainment i eit breitt spekter av format: bøker, musikk, YouTube-seriar, podkastar på Spotify, sceneshow, digitale forteljingar og interaktive element. Innhaldet er alltid utvikla for å vere både lærerikt og engasjerande, slik at barna nesten “lærer utan å merke det”. Vi brukar historier, humor, musikk, visuelle opplevingar og gjenkjennelege situasjonar for å forsterke bodskapet. Eit godt døme er boka Den store Uglefesten, som kombinerer spennande historie med læring om vennskap, samarbeid, lokal tilhøyrsle og yrkesliv.
Edutainment-konseptet er den digitale og kulturbaserte delen av Jakta-modellen – eit nytt verktøy i Nordfjord som ikkje er vanleg andre stader. Her kan Levels og Players bidra og delta utan å møtast fysisk, og barn og ungdom kan lære i sitt eige tempo. Vi samskapar innhald som inspirerer og underheld, men som alltid har eit læringsmål i botn. Resultatet er eit kraftig supplement til alt vi gjer i skuletida og på dei fysiske møteplassane som Superklubb, Detektiv, Uglefest, Super 8 og Draumedag.

