Foreldreklubben
Foreldra er den aller viktigaste ressursen rundt barna – dei som er tettast på, kjenner dei best og har størst moglegheit til å støtte dei i å finne og utvikle superkreftene sine. Samtidig kan foreldrerolla vere krevjande. Det er ikkje alltid lett å vite korleis ein best kan hjelpe barnet til å gjere gode val om framtida. Foreldreklubben gjer det enklare å vere ein god støttespelar, ved å samle ressursar, erfaringar og inspirasjon – og ved å gjere heile lokalsamfunnet til ein ressurs for deg som forelder.
Når du melder deg inn i Foreldreklubben, får du tilsendt gratis bøker og brosjyrer, invitasjonar til gratis arrangement, sosiale samlingar og webinar. Du får tilgang til spesialistar, svar på spørsmål du lurer på, og eit nettverk av andre foreldre som deler erfaringar og støttar kvarandre. Alt dette utan at det krevst noko verv eller innsats frå deg – berre lyst til å ta imot det vi deler.

