Jakta-modellen

For å hjelpe barn og ungdom til å finne superkreftene sine, treng vi ein struktur som gjer det mogleg å jobbe systematisk over tid – frå nyfødd til tidleg vaksen alder – og med alle dei viktige aktørane rundt dei. Uten ein slik modell blir innsatsen ofte tilfeldig, kortvarig og lite samordna. Jakta-modellen er vår samskapingsmodell – eit rammeverk som gjer at ulike aktørar kan jobbe saman om felles mål, på tvers av bransjar, sektorar og generasjonar. Slik får vi samla ressursane og skapt meir enn kvar enkelt kunne fått til åleine.

Jakta-modellen byggjer på to hovudelement: Levels og Players.

  • Levels er livsfasane frå nyfødd til tidleg yrkesliv, der vi har definert sju steg som barna beveger seg gjennom.
  • Players er dei ti viktigaste interessentane rundt barna – frå foreldre og familie, til skule, næringsliv, frivilligheit og offentlege aktørar.

Gjennom samskaping koplar vi Levels og Players: Vi ser kven som kan bidra, når dei kan bidra, og på kva måte. Vi jobbar både i skuletida, på fritida og gjennom edutainment, slik at barna får eit rikt og variert tilbod som byggjer valkompetanse og meistring.

Jakta-modellen er verktøyet som bind saman alle satsingane i Jakta på Superkreftene. Han gjer det lettare for skular, foreldre, bedrifter, organisasjonar og det offentlege å finne sin plass i arbeidet. Samskapinga skjer på heilt konkrete arenaer som Superklubb, Detektiv, Uglefest, Super 8 Karrieremesse, Draumedag og gjennom fleire edutainment-konsept. Her møtest Levels og Players i levande aktivitetar, der alle bidrar med sine ressursar, kompetanse og nettverk. Resultatet er at barna får eit samanhengande, relevant og inspirerande læringsløp – og at fleire finn superkreftene sine og får reell valfridom. Når det skjer, vinn både menneske, arbeidsliv og lokalsamfunn.