Om Jakta på Superkreftene
Kvar unge har superkrefter – unike kombinasjonar av interesser, talent, verdiar og motivasjon. Men desse kjem ikkje alltid fram av seg sjølv. Vi må finne dei, styrke dei og gi barna fleire og større moglegheiter til å oppdage kven dei er og kva dei kan bli. I dagens samfunn står mange unge i fare for å gjere viktige livsval utan å kjenne seg sjølve godt nok, utan å vite kva som finst av moglegheiter, og utan å ha fått trena på å velje. Dette gjev auka risiko for feilval, fråfall, utanforskap og psykiske utfordringar – både for den enkelte og for samfunnet.
Gjennom Jakta på Superkreftene får barn og ungdom ei reise full av inntrykk, opplevingar og kunnskap frå lokalmiljø, næringsliv og ulike yrkes- og livsvegar. Vi gir dei møte med ekte menneske, ekte arbeidsplassar og ekte utfordringar. Vi lærer dei å utforske, stille spørsmål, vurdere alternativ og ta val. Vi jobbar både i skuletida, på fritida og gjennom edutainment – ei læringsform som kombinerer underhaldning og kunnskap for å engasjere, motivere og skape meistring. Over tid byggjer vi det vi kallar valkompetanse – evna til å velje med både hjarte og hovud. Denne kompetansen gjev grunnlag for reell valfridom når livsvala kjem: på ungdomsskulen, vidaregåande, i høgare utdanning og vidare ut i yrkeslivet.
Jakta på Superkreftene er eit heilskapleg og langsiktig samarbeid mellom skule, familie, næringsliv, frivilligheit og offentlege aktørar – det vi kallar Players. Foreldra er den aller viktigaste spelaren, fordi dei er tettast på barna og har størst moglegheit til å følgje dei opp over tid. Gjennom ei rekkje aktivitetar, konsept og møteplassar får unge moglegheiter til å finne ut kva dei vil og kva dei får til. Når fleire får drive med noko dei elskar – og elske det dei driv med – skapar vi ikkje berre sterke enkeltindivid, men også eit meir verdiskapande, inkluderande og berekraftig lokalsamfunn. Resultatet er betre mental helse, mindre fråfall, mindre utanforskap og større løysingskraft på samfunnsfloker.

