Podcasten

Podcasten er ein viktig del av edutainment-satsinga i Jakta på Superkreftene. Han gjer det mogleg å dele kunnskap, inspirasjon og gode historier med alle Players – utan at vi treng å møtast fysisk. Kjernen er samskaping for å gi barn og unge reell valfridom gjennom å finne superkreftene sine og bygge valkompetansen dei treng for å gjere gode livsval.

Podcasten blir leidd av programleiar Kjetil Svarstad saman med Geir Arne Solheim, som bidreg som spesialist på Jakta-modellen. I kvar episode drøftar dei problemstillingar og løysingar knytte til samskaping og utvikling av lokalsamfunnet. Nokre gongar inviterer dei folk i studio for gode samtalar, andre gongar er dei ute i felten for å ta pulsen på kva som skjer i Nordfjord. Felles for alt innhaldet er at det handlar om å bryte ned gamle skiljeliner, styrke fellesskapet og skape fleire moglegheiter for barn og unge. Episodane er tilgjengelege på Spotify, slik at alle kan lytte når det passar.

Podcasten er ein læringsarena og inspirasjonskanal som følgjer Jakta på Superkreftene over tid. Her får vi høyre ekte erfaringar, konkrete døme og nye idear – direkte frå dei som bidrar til og påverkar samskapinga. Slik byggjer vi både forståing og vilje til å delta, og vi held engasjementet levande mellom dei fysiske møteplassane og prosjekta i Jakta-modellen.