Startpakken for nyfødde

Å få barn er starten på ei livsreise – både for barnet og foreldra. I Nordfjord ønskjer vi å markere denne starten på ein heilt spesiell måte: ved å gi ei varm velkomsthelsing, og samtidig vise at heile regionen står klar til å støtte familien frå første dag. Startpakken for nyfødde er både ei gåve og eit løfte: vi vil følgje barnet og familien gjennom heile oppveksten, heilt fram til draumejobben er i boks – og gjerne etter det òg.

Startpakken blir delt ut til alle nyfødde i Nordfjord og inneheld ei blanding av bøker, magasin, brosjyrer og informasjon om gode ressursar. Til dømes vil boka Den store Uglefesten vere med – ei forteljing som kan lesast for barnet heilt frå første leveår og gjennom barnehagen, til dei er store nok til å lese sjølve. Innhaldet i pakken vil variere over tid, men målet er alltid det same: å gi ein god start, inspirere til leseglede, og vise kva moglegheiter som finst i lokalsamfunnet. Vi oppmodar samtidig alle nybakte foreldre til å bli med i Foreldreklubben, slik at dei får tilgang til fleire ressursar, arrangement og fellesskap.

Startpakken for nyfødde er noko unikt for Nordfjord. Han gir barnet og foreldra eit fortrinn gjennom tidleg kontakt med eit breitt nettverk, tilgang til kunnskap og inspirasjon, og følelsen av å vere del av eit fellesskap som vil dei vel. Saman gjer vi Nordfjord suprare – og vi startar med å ønske våre yngste innbyggjarar velkommen på den beste måten vi kan.