Støttespelarane
Samskaping handlar om å samle krefter på tvers av tradisjonelle skiljeliner – og då må alle vere med for at vi skal lukkast. Jakta på Superkreftene er eit stort løft for heile Nordfjord, og hadde ikkje vore mogleg utan solide støttespelarar som bidreg både økonomisk, organisatorisk og praktisk. Støtta gjer at vi kan gjennomføre tiltak som byggjer valkompetanse, skaper reell valfridom og gjer Nordfjord til ein endå betre plass å bu, leve og arbeide.
Vi vil særleg takke dei som har støtta Jakta på Superkreftene finansielt:
- Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
- Agenda Vestlandet – stiftinga for Sparebanken Norge
- Vestland fylkeskommune
I tillegg kjem alle kommunane i Nordfjord som er medlemmar og støttespelarar, og alle medlemsbedriftene som bidreg til å skape ei heilskapleg ramme rundt ein samskapingsmodell med stor styrke.
Saman med alle dei ulike interessentane i Jakta-modellen – frå foreldre, lærarar og frivillige til næringsliv, politikarar og fagfolk – gjer vi dette mogleg. Og ikkje minst takkar vi barna og ungdommane som stiller opp med liv, energi og lærelyst i aktivitetane. Det er de som er grunnen til at vi gjer dette. Saman gjer vi Nordfjord suprare!

