Super 8 Karrieremesse for 8. klasse
Tradisjonelle karrieremesser handlar ofte om at bedriftene presenterer seg for elevane. I Super 8 snur vi dette på hovudet: her er det elevane som lærer om bedriftene og presenterer dei vidare for sine medelevar. Dette gjer at dialogen med næringslivet skjer tidlegare i prosessen, og at elevane får ein djupare forståing av kva yrkeslivet i regionen har å by på. Når ein får forklart kva ei bedrift gjer av ein jamnaldrande i staden for ein eldre bedriftsleiar, kan det òg vere lettare å relatere seg til informasjonen og bli inspirert.
Klassa blir delt inn i grupper, og kvar gruppe får ansvar for å besøke og setje seg inn i éi bedrift. I forkant av messa møter elevane representantar frå bedrifta, får omvising og lærer om arbeidskvardagen der. Deretter førebur dei ei eiga presentasjon av bedrifta – gjerne med bilete, film, praktiske demonstrasjonar eller rollespel – som dei deler med dei andre elevane på sjølve messedagen. Bedriftene får på denne måten direkte kontakt med elevane, og elevane får både vere “journalistar” og “formidlarar” i prosessen.
Super 8 Karrieremesse gir elevane ei meir aktiv og engasjerande rolle enn i vanlege karrieremesser. Dei lærer å stille spørsmål, hente inn informasjon, og formidle kunnskap vidare – noko som både aukar lokalkunnskapen, styrkjer relasjonen til yrkeslivet og byggjer valkompetanse. For næringslivet betyr det tidleg kontakt med ungdomane, meir personleg relasjonsbygging og større sjanse for å bli hugsa når dei skal velje utdanning og jobb. Resultatet er at fleire får det nettverket, innsikta og sjølvinnsikta som trengst for å ta gode val og få reell valfridom.



