Supergründer

Når vi snakkar om framtidige jobbar for ungdom, handlar det ofte om å velje mellom privat eller offentleg sektor. Men det finst ein tredje veg: å skape sin eigen arbeidsplass. Entreprenørskap er ikkje berre for dei som startar for seg sjølve – gründerkompetanse er også avgjerande for innovasjon og nytenking i etablerte verksemder. Nordfjord treng fleire som kan utvikle idear, sjå moglegheiter og skape verdiar. Samtidig manglar systemet i dag eit lågterskeltilbod der spirande og erfarne gründerar kan få konkret, målretta rådgjeving på stadiet der få andre har trua eller kapasitet til å bidra.

Supergründer er eit unikt rådgjevings- og sparringstilbod frå ein eller fleire erfarne spesialistar. Vi hjelper gründarar – både nye og etablerte – med å strukturere tankar, teste strategiar og utvikle idear. Etter rådgjevinga kan vi kople vidare til relevante samarbeidspartnarar, investorar, kundar, rådgjevingsapparat eller andre ressursar som kan bidra til å løfte prosjektet vidare. Nettverket i Nordfjordkompaniet og Heia Nordfjord er ein viktig ressurs i denne prosessen, og gjer at vi raskt kan finne rett person eller miljø for vidare samarbeid.

Vi bidreg òg til å få folk inn i gründerbedrifter som elles ikkje hadde sett på seg sjølve som gründerar, men som oppdagar at dei kan bruke superkreftene og kunnskapen sin like godt her som i privat eller offentleg sektor. Dette aukar sjansen for å rekruttere fleire til Nordfjord, ved å tilby endå fleire spennande moglegheiter enn andre stader.

Supergründer har frå første dag fanga opp gründerar, idear og innovasjonar som elles kanskje aldri ville blitt vurderte – og bidrege til at dei kom seg vidare. Tilbodet er ikkje ein erstatning for det etablerte apparatet, men eit viktig supplement som gjev praktisk hjelp heilt frå idéstadiet og bygger bru til dei rette ressursane. Målet er å styrke både talet på og kvaliteten på gründerprosjekt i regionen, og å skape fleire arbeidsplassar og meir innovasjon.