TEMPO Norsk

Språkdugleik er ei superkraft og nøkkelen til deltaking, jobb, HMS og integrering. For mange som skal lære norsk tek det ofte for lang tid å nå eit norsk bruksspråk som gjer at dei kan delta fullt ut i arbeidslivet og samfunnet. TEMPO Norsk er utvikla av ein ekstern lokal pedagog for å auke farten på denne prosessen. Dess raskare ein kjem over minsteterskelen for språkbruk, dess raskare utviklar ein språket vidare – noko som både styrkjer integreringa, reduserer risiko for utanforskap og gjev det lokale yrkeslivet tilgang til viktig kompetanse som i dag kan gå tapt bak ei språkbarriere. Difor er vi støttespelar for konseptet i pilotfasen.

TEMPO Norsk er eit gründerprosjekt basert på ein unik metode som er eigd og blir utvikla av Therese Solheim, ein erfaren pedagog frå Nordfjord. Therese jobbar i dag hos Kinn Utviklings- og Ressurssenter i Måløy (KURS KF). Gjennom systematisk, praktisk og målretta språkopplæring på A1-nivå, er målet at deltakarane raskare skal bli i stand til å bruke norsk i kvardagen og på jobben. Opplæringa er intensiv, fokusert på bruksspråk og HMS.

Konseptet blir i desse dagar prototypa saman med fleire interessentar i og utanfor Nordfjord. Det handlar ikkje berre om grammatikk og ordforråd – det handlar om å bruke språket aktivt i reelle situasjonar, slik at læringa blir nyttig, motiverande og effektiv. Målet til Therese som utviklar er å standardisere metoden slik at han kan nyttast breitt i norskopplæringa både i og utanfor Nordfjord.

Dette er eit typisk område der Nordfjordkompaniet på ideelt grunnlag er inne og hjelper eksterne aktørar med å få fram nyttige idear i tidleg fase, til beste for både individ, yrkesliv og samfunn, basert på mandatet vi har i støtta frå sparebankstiftingane. Konseptet vil kunne bli eit godt supplement til eksisterande norskopplæring og opplæringsmateriell.

TEMPO Norsk er såleis ein del av samskapingstanken vår der vi slår fast at språkdugleik er ei superkraft som vi i fellesskap må jakta på. Om prosjektet og gründeren etter kvart oppnår at fleire får språket på plass tidleg, så aukar sjansen for både fagleg utvikling for individet, inkludering på samfunnsnivået og betre rekruttering og HMS i yrkeslivet, både i Nordfjord og andre delar av Noreg og Europa.