Uglefest og Detektiv i barnehage og småskule
Tidleg innsats er avgjerande for å bygge både nysgjerrigheit, sjølvinnsikt og kunnskap om moglegheitene som finst i lokalsamfunnet. Med Uglefest og Detektiv får barn i barnehage og småskule eit første møte med samskaping, yrkesliv og eigne superkrefter – på ein måte som er leikande, inspirerande og tilpassa alderen deira. Dette er starten på reisa mot auka valkompetanse og reell valfridom seinare i livet.
Uglefest blir arrangert i barnehagen eller på småskulesteget. Her får barna leike yrke, prøve ulike aktivitetar og møte folk frå det lokale yrkeslivet. Målet er å gjere det spennande å bli nyfiken på verda utanfor barnehageporten – og å oppleve at læring kan vere både moro og meiningsfull.
Detektiv tek barna ut til arbeidsplassar i lokalsamfunnet. Saman med arbeidsplassen planlegg vi eit opplegg der barna, som små detektivar, skal undersøke kva som skjer der, stille spørsmål og prøve enkelte oppgåver. Besøket blir førebudd på førehand, slik at barna får mest mogleg ut av opplevinga og lærer å observere og reflektere.
Uglefest og Detektiv gir barna ein tidleg start på å forstå både seg sjølve og verda rundt. Gjennom leik, oppleving og møte med ekte menneske får dei erfaringar som byggjer sjølvtillit og nysgjerrigheit. For foreldra, barnehagane, skulane og næringslivet er dette òg eit første steg i å jobbe saman om å gi barna eit best mogleg utgangspunkt for framtida. Slik legg vi eit solid fundament for seinare satsingar i Jakta på Superkreftene – frå Superklubb og karrieremesser til Draumedag og vidare utdannings- og yrkesval.

