Yrkeslivsklubben

Eit berekraftig samfunn treng eit sterkt yrkesliv – både privat, offentleg og gründerar. For å sikre framtidig rekruttering og utvikling i Nordfjord, må vi starte tidleg og bygge relasjonar mellom barn, ungdom og arbeidslivet. Difor byggjer vi no ein ny klubb i Nordfjord!

Yrkeslivsklubben er laga for å samle heile breidda av yrkeslivet i regionen, slik at det blir enklare å sjå moglegheitene, ta del i samskapinga og bidra til å gi unge innsikt i kva yrkeslivet faktisk handlar om. Det er heilt gratis og vi vil ha deg med på laget!

Bli medlem

Som medlem får du tilsendt ein startpakke, blir påmeldt nyheitsbrev, og vi kan kontakte deg om moglegheiter for frivillig deltaking på ulike arenaer og konsept. Medlemskapet er gratis – meld deg inn via skjemaet under!